Meny
Bli medlem

Vil gjennomgå kommunal organisering

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Nissedøl Kari-Anne Nordbø (Sp) meiner skulenedlegging ikkje vil berge kommuneøkonomien. Ho etterlyser full gjennomgang av kommunal organisering og leiing, for å få ned utgiftene som i dag er større enn inntektene.

 

Kari-Anne Nordbø trivst både som innbyggjar og politikar i Nissedal om ho ser bort frå ei sak. Det gjeld kampen nokre folkevalde held fram med for å leggje ned Fjone skule og flytte tre klasser ved Kyrkjebygda oppvekstsenter til Treungen.
– Det er ikkje nok å ta dei to grendeskulane. Nissedal kommune brukar meir pengar enn han tener. I dag er den kommunale organiseringa for dyr. Ein må effektivisere drifta og få ein skikkeleg organisasjonsgjennomgang, etterlyser Nordbø.

Ho registrerer at det er lenge sidan kommunen har hatt ein gjennomgang av organisasjonen.

Meir effektiv

– Det er på tide å ta eit blikk innover, kva er me gode på og kva kan bli betre? Sp har i eitt år sagt me ynskjer å vite korleis dei ulike einingane er organisert. Det me veit er at det har vakse fram eit mellomleiarnivå. Men me veit ikkje strukturen eller talet på mellomleiarar i einingane. Dette må me få vite. Kommunestyret er arbeidsgjevar, og då må me kjenne strukturen. Openheit og full innsikt kan gjere organisasjonen betre, seier Nordbø.

– Når me ikkje veit strukturen blir det lettvint å nok ein gong peike ut to små sårbare grender til å bere heile kuttet innan drift, held ho fram.

Nordbø undrar om ein skal halde fram med dagens organisering med talet på einingsleiarar og einingar. Vidare om ein skal ha eit mellomleiarnivå og i kva omfang.

– Gjennom nokre år må me finne ei meir effektiv organisering og driftsform av kommunen. Ingen skal bli sagt opp, eventuelle nedskjeringar kan skje ved naturleg avgang. Slik kan vi på sikt redusere og forhåpentleg fase ut eigedomsskatten, seier Nordbø.

Eit anna effektiviseringsområde ho føreslår er meir interkommunalt samarbeid, til dømes innan helse og psykiatri. Legekontora må sjølvsagt vere lokale, men ein bør likevel sjå på løysingar for samarbeid, og Nissedal bør tilby seg lokalisering av interkommunale tenester.

– Då flyttar du tilsette rundt i regionen, ikkje barn, seier Nordbø. BV samarbeidet i Vest-Telemark fungerer svært bra, det gjer også PPT samarbeidet.

– Jo meir velfungerande Vest-Telemark er som region, jo sterkare står me inn mot kommunereform, legg ho til.

Familiar vil flytte

Om eigedomsskatten skulle bli fjerna i 2016, trur Nordbø han alt må inn att året etter viss ein opprettheld dagens organisering og leiarstruktur.

– Å leggje ned to grendeskular som blir drive effektivt for ein rimeleg penge, vil ikkje redde kommuneøkonomien framover. Blir det skulenedlegging flyttar familiar og utviklinga i grendene blir reversert. Det gjev store tap i kommunekassa og ein må auke eigedomsskatten, seier Nordbø.

Kva nivå eigedomsskatten vil liggje på når han blir innført i 2015, er for tidleg å seie.

– Eg trur ikkje næringslivet treng grue seg. Og så må me kome dit hen at næringslivet får noko tilbake for skatten dei skal betale, seier Nordbø.

I løpet av få dagar har ho vore i kontakt med tre familiar som vil flytte frå Nissedal om det blir kutt i grendeskuletilbodet.

– Kva sit me att med etter å ha kutta under ei stilling ved å fjerne mellomtrinnet i Kyrkjebygda? Det blir eit kjempetap for kommunen. Om tre familiar flyttar utgjer det 750 000 kroner mindre i kommunekassa frå staten, seier Nordbø.

Blir tappa for krefter

Alle elevane ved Kyrkjebygda oppvekstsenter er samla i ein del skuletimar kvar veke.

– Det gjev veldig gode sosiale effektar og godt læringsutbytte å gå i aldersblanda grupper. Det er ein av suksessfaktorane på grendeskulane, seier Nordbø.

Ho er svært skuffa over at det no igjen blir grendeskuledebatt i ei budsjetthandsaming.

– Ap sa dei ville ha denne saka opp ein gong i valperioden, og no er det omkamp nummer fire frå skulenedleggingspartiet. Ap driv med formidabelt løftebrot, respekterer ikkje eit politisk vedtak og tappar innbyggjarar for utruleg mykje krefter. Og kva med omdømebygginga, undrar Nordbø. For næringsliv som Canvas Hotel, Treungenfestivalen, potensielle tilflyttarar og andre er det leit at skulestrid er det Nissedal kommune blir sett i samband med.

Ho meiner det blir heilt feil å røre to grendeskular som nettopp har vore gjennom ei ekstern vurdering med svært gode resultat.

– Dei to skulane skårar også godt på nasjonale prøver, har i dag ikkje mobbeproblem og elevane trivst, seier Nordbø.

Ho reagerer på utspel om at Fjone skule må leggast ned på grunn av for få elevar – med argument om at det ikkje er godt nok sosialt.

– Då er det fullstendig sjølvmotseiande å ta halvparten av dei om lag 20 elevane det vil vere på Kyrkjebygda oppvekstsenter i 2016. Dei fungerer som ei skuleklasse, og treng kvarandre, seier Nordbø.

Elles undrar ho seg over at ein ikkje slår saman små skuleklasser i Treungen for å spare pengar.

– Dette må dei byrje å førebu seg på. Fødselstalet i Treungen i år er førebels bare to barn, seier Nordbø.