For at kommunane skal kunne tilby minst like gode tenester i framtida, må dei løyse oppgåvene smartare. - For å inspirere kommunar til å tenkje nytt, vil me løfte fram kommunar som har funne nye løysingar som gjer kvardagen til innbyggjarane betre. Difor lanserer me no ein innovasjonspris.
Det seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Med seg på laget har ho fått gründer og teknologidirektør i Microsoft Shahzad Rana, som skal lede juryen sitt arbeid.
Kommunal- og regionaldepartementet etablerte Innovasjonsprisen som ein del av regjeringa sin strategi for innovasjon i kommunesektoren - «Nye vegar til framtidas velferd». Prisen går til ein kommune som har utmerka seg med å realisere innovative løysingar, betra sine tenester, og skapa ein enklare kvardag for sine innbyggjarar.
Innovasjonsprisen skal delast ut sommaren 2014, og vinnarkommunen vil få 500.000 kroner. Målet er å rette merksemd mot innovative tiltak i kommunane, og å løfte fram gode eksemplar som kan motivere til nytenking og innovasjon i andre kommunar.
Dei som kan søkje om å få prisen er kommunar som har satt i gang større eller mindre innovasjonsprosessar, eller mindre tiltak som har skapa ein meirverdi for innbyggjarane.
Prosjekt og tiltak vil bli vurdert etter følgjande kriteria:
- Overordna vurdering av tiltaket
- I kva grad tiltaket er nytt og ikkje utprøvd tidlegare
- I kva grad tiltaket har medført eller kan ventast å medføre en meirverdi for kommunen sine innbyggjarar
- I kva grad tiltaket er med på å skape ein innovasjonskultur og har generert nye innovasjonstiltak
- I kva grad tiltaket er formidla vidare/planlagt formidla vidare til andre kommunar
- I kva grad tiltaket fører til ei forenkling av arbeidsprosessane i kommunen
Søknadsfristen er 1. mars 2014.
Søknaden kan kome frå kommunen sjølv eller einingar/etatar i kommunen.
Merk søknaden ”Innovasjonsprisen” og send den til postmottak@krd.dep.no