Meny
Bli medlem

Vil lovfeste medverknad for ungdom

Sist endret: 27.09.2020
I dei fleste kommunar kan ungdom påverke i lokalpolitiske saker, men framleis legg ikkje alle kommunar til rette for dette. Difor vil regjeringa lovfeste medverknadsordningar for ungdom i kommunar og fylkeskommunar.

 

 

- I eit representativt folkestyre er det viktig at ulike aldersgrupper har ei røyst i kommunale råd og utval. Både eldre og personar med nedsett funksjonsevne har lovfesta medverknadsordningar i dag. Ungdom bør ha same moglegheit i det kommunale styringssystemet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. 

 

- Eg er oppteken av at barn og unge skal bli høyrd og at dei skal få reell påverknad på saker dei er opptekne av. Når vi lovfestar at alle kommunar må ha ein medverknadsordning for ungdom, sikrar vi at barn og unge kan få vere med og påverke kvardagen sin der dei bur, seier barne-, likestillings og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen

 

Regjeringa startar no ein prosess for å samle reglane om medverknadsordningar i kommunane i ei felles lov. Ein tek sikte på å leggje fram ein proposisjon for Stortinget i 2014.