Meny
Bli medlem

Vil sikre elevar rett til opplæring på hovudmålet sitt

Sist endret: 27.09.2020
Kjersti Toppe fremjar på vegne av seg sjølv og stortingsrepresentantar frå Ap, Venstre, KrF, SV og Sp eit forslag om å sikre alle elevar i grunnskulen rett til opplæring på hovudmålet sitt.

 

 

 

Fredag 17. juni fremjar Kjersti Toppe (Sp) på vegne av seg sjølv og stortingsrepresentantane Magne Rommetveit (Ap), Terje Breivik (V), Geir Toskedal (Krf), Audun Lysbakken (SV) og Liv Signe Navarsete (Sp) forslag om å sikre alle elevar i grunnskulen rett til opplæring på hovudmålet sitt.

 

Representantforslaget, som alle har underteikna, kjem til behandling i Stortinget  til hausten. Det har som mål å sikre nynorskelevar opplæring på eiga målform. I dag er elevane i grunnskulen berre sikra retten til opplæring på eige språk dei fyrste sju åra av den 13-årige skulegangen.

 

I Opplæringslovas § 2-5 heiter det: Når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å høyre til ei eiga elevgruppe. Denne retten gjeld ikkje for elevar på 8-10 årstrinn.

 

I språkblanda område kjem oftast nynorskelevane i mindretal. På ungdomsskulen går mange nynorskelevar dermed i grupper der opplæringa skjer på bokmål. Mange lærarar på språkdelte ungdomsskular brukar berre bokmål som undervisningsspråk.

 

Forslagsstillarane meiner derfor det må utgreiast å endra opplæringslova og andre tiltak som kan sikra  elevar i heile grunnskulen  rett på opplæring på hovudmålet sitt og rett til å høyre til ei eiga målformgruppe. Det er viktig at elevar som har hatt opplæring på nynorsk i barneskulen, får halde fram med dette i ungdomsskulen.

 

 

Forslaget som blir sett fram er:

Stortinget ber regjeringa  utreie ei endring av opplæringslova § 2-5 og andre moglege tiltak som kan sikra elevar på ungdomsskulen  rett til  opplæring på hovudmålet sitt og rett til å høyra til ei eiga målformgruppe, og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.