Meny

Vil stoppe sjukehusprosessen

"Dersom vi no ender opp med ein situasjon der det berre er sjukehusa og det psykiatriske tilbodet i Oppland som skal endevendast, er vi best tent med at arbeidet blir stansa". Det er bodskapen i ei uttale frå styret i Oppland Sp.

Uttale frå fylkesstyret i Senterpartiet i Oppland, laurdag 30. november 2013:

SJUKEHUSPROSESSEN HAR SPORA AV OG BØR STANSAST

Oppland Senterparti har vore positiv til det pågåande arbeidet med ein ny sjukehusstruktur i Innlandet. Vi er uroa over det vi no ser, og meiner vi har fått ein prosess som har spora av.

Årsaka til arbeidet med den framtidige strukturen har spora av er, er at sjukehusleiinga har byrja å legge ein tilbodsstruktur før den heilskaplege utgreiinga er ferdig. Sjukehusleiinga kan ikkje forvente aksept for dette. Ein prosess som tek utgangspunkt i at partar får gjennomslag for alle atterhald og innvendingar før utgreiinga er på plass, er ingen prosess. 

Vi har vore opptekne av at før vi får denne på plass, bør ikkje tilbodsstrukturar låsast. 

Senterpartiet i Oppland har sagt ja til å vere med på ein prosess for å sjå på ny struktur for sjukehusa i Innlandet, og at prosessen skulle munne ut i ei stor utgreiing som vi kunne ta stilling til. Men det var under den klåre føresetnaden om at alle steinar skulle snus. Dersom vi no ender opp med ein situasjon der det berre er sjukehusa og det psykiatriske tilbodet i Oppland som skal endevendast, er vi best tent med at arbeidet blir stansa.

Regjeringa har varsla at helseføretaka vil bli lagt ned når dei kjem med sin nasjonale helse- og sjukehusplan om ei stund. Senterpartiet i Oppland var i mot etableringa av dei statlege helseføretaka. Føretaksmodellen bør ikkje førast vidare som styring av sjukehusa våre, utan politisk deltaking som det nå vert lagt opp til.
Regjeringa ha eit nasjonalt aksjeselskap for bygging og drift av helsebygg. Oppland Sp vil vente på regjeringa sitt framlegg før vi tek stilling til dette.

Vi er nå best tent med at leiinga i Sykehuset Innlandet gjer det einaste rette; stoppar opp arbeidet med ny sjukehusstruktur og vidarefører dagens tenestetilbod og drift, inntil Stortinget har fått handsama regjeringas forslag til nytt styresett for sjukehussektoren.

Oppland Senterparti
v/ Ivar Odnes, fylkesleiar