Meny
Bli medlem

Vil utvide ordningen med stemmerett for 16.åringer

Sist endret: 27.09.2020 #Rogaland
Under landsmøte i Loen fremmer Magnhild M.Klepp og Geir Pollestad forslag om å utvide forsøksordningen med stemmerett for 16 og 17 åringer. Under generaldebatten holdt Magnhild innlegg om forslaget.

 

 

 

Sjå innlegget her, http://new.livestream.com/webcastno/senterpartiet/videos/15540968

Her kan du lese heile innlegget fra Magnhild.

Gode landsmøte!
Senterpartiet bør no utvida lokaldemokratiet ved å gi fleire 16- og 17-åringar høve til å røysta ved neste lokalval.
Miriam og Liva var 16 år i 2011. Dei bur i Stavanger. Dei fekk røysta ved lokalvalget i 2011 fordi Stavanger var ein av i 20 kommunane som testa ut om seinka stemmerettsalder ville gi auka valdeltaking blant unge.
Ved valet i 2007 , og også ved dei to føregåande lokalval, var deltakinga blant førstegongsveljarar 33%. Det er eit lågt tal. Berre kvar tredje førstegongsveljar nytta røysteretten.
Tilsvarande tal i forsøkskommunane var 46%. Mellom 16- og 17-åringane i forsøkskommunane, røysta 58%.
Miriam og Liva seier i går til Stavanger Aftenblad at dei er glade dei har erfaring når dei no skal røysta til hausten. Dei fortel om auka fellesskapskjensle og større samfunnsengasjement enn før.
Den kriminelle lågalderen er 16 år. Der er også den seksuelle lågalderen. Når vi betaler vaksenbillettar på bussen, kan vi vel få lov til å meina noko, seier jentene.


Gode landsmøte!
Vi må læra av erfaringane frå forsøkskommunane . Vi må utvida forsøket til å gjelda langt fleire kommunar.i 2015. På den måten gir vi ungdom høve til direkte påverknad på utviklinga i eige lokalsamfunn. Samstundes gir vi også lokale kandidatar høve til å tenkja gjennom kva saker ungdom meiner er viktige. Vi legg også eit godt grunnlag for mange flotte samtalar mellom tenåringer og foreldre  rundt kjøkkenborda.
Talet på eldre aukar. Vi treng fleire unge røyster i samfunnsutviklinga. Austerrike, 6 delstatar i Tyskland, Brasil, her er fleire land som for lengst har innført 16 år.
På alle trinn i skulen øver elevane i å ta stilling.

I 1913 meinte nokre at kvinnene ikkje var mogne nok til å røysta. Å ja, her er nok umodne 16-åringar, men jammen nokre umogne 40-åringar også.
Akershus Sp føreslår seinka røysterettsalder. Eg har sans for det. Eg trur likevel det er klokt å gå vegen om fleire forsøk og vonar det blir tema på delegasjonsmøta.