Meny
Bli medlem

Vil utvide programmet Saman om ein betre kommune

Sist endret: 27.09.2020
? Eg ynskjer at fleire kommunar skal få sjansen til å utvikle sine kommunale tenester gjennom programmet Saman om ein betre kommune, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

 

Departementet førebur no eit nytt opptak, der 20 nye kommunar skal kunne søkje om prosjektstøtte i programmet. Den sentrale samarbeidsavtalen utvidast til og med 2017.

 – Kommunal sektor står overfor store utfordringar. Eg har tru på at kommunane kan finne framtidsretta løysingar på fleire av oppgåvene som ventar gjennom lokalt partssamarbeid. Det er stor vilje til nytenking og nyskaping i kommunesektoren, seier statsråden.

Nyleg drøfta statsråden ei utviding med samarbeidspartane i Saman om ein betre kommune. Partane er samde om eit opptak av 20 nye kommunar i utviklingsprogrammet. Dei er også samde om å utvide avtalen for programmet, slik at dei nye kommunane skal få tilstrekkeleg tid til å gjennomføra sine prosjekt.

Kommunane som får plass i programmet skal arbeide innanfor dei same hovudtema som før. Det dreier seg om heiltidsstillingar, sjukefråvere, kompetanse/rekruttering og omdøme.

Saman om ein betre kommune er eit utviklingsprogram der 109 kommunar jobbar med lokale prosjekt for å redusere sjukefråvere, meir heiltid, betre rekruttering og kompetanse og betre omdøme. Programmet er eit samarbeid mellom staten, KS og hovudsamanslutningane i arbeidslivet (UNIO-K, YS-K, LO-K, Akademikerne).