Meny
Bli medlem

Vinje Senterparti kommuneprogram 2015-2019- kortversjon

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark#Telemark
Vinje Senterparti vil drive aktiv næringsutvikling for å auke talet på arbeidsplassar, og dermed skatteinngangen til kommunen. Vinje Senterparti vil opprettehalde dagens skulestruktur og skulematordninga. Vinje Senterparti vil avslutte kommunereformarbeidet i Vinje. Vinje kommune skal halde fram som eigen kommune.

 

.   

Vinje Senterparti vil styrke det lokale lensmannskontoret og arbeide for å hindre ei sentralisering av politi/lensmann.

Vinje Senterparti vil stø opp om idrettslag, kulturskule og andre lag, organisasjonar og møteplassar skapt gjennom friviljug arbeid. Me vil oppretthalde dagens ordning med løypenettet for snøskuter.

Vinje Senterparti vil stø opp om den rike kulturarven og det levande kulturlivet i kommunen.

Vinje kommune skal vera ein god kommune å bu i uansett alder, funksjonsnivå eller livssituasjon. Vinje Senterparti vil at alle skal kunne bu heime så lenge dei ynskjer, men få eit godt og eigna tilbod når dei har trong for det. Vinje Senterparti vil auke talet på lærlingeplassar inna helsefag.

Vinje Senterparti vil arbeide for å få ein base for luftambulansen i Vinje eller Bykle

Mottak og integrering av flyktningar er ei viktig samfunnsoppgåve. Vinje Senterparti ynskjer å halde fram med å ta imot flyktningar.  

Vinje Senterparti vil arbeide for at prosjektet med E-134 blir gjennomført i samsvar med vegvesenets konsept. 

Vinje Senterparti vil ikkje innføre generell eigedomsskatt.