Meny
Bli medlem

Vurdering er ikkje berre tal!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Målet med vurdering i skulen er at kvar elev skal utvikle sitt potensiale og forstå kva han/ho må jobbe med for å bli betre. Høgre meiner den beste måten å formidle dette på er gjennom å setje eit tal på prestasjonen. Senterpartiet meiner det har mykje betre effekt å gi gode skriftlege kommentarar, ha samtaler med eleven om kva som er bra og kva det må jobbast meir med og ikkje minst korleis eleven skal jobbe for å bli endå betre, skriv Birgit Johanne K Olsnes i Senterpartiet.

 Det er ikkje bare Senterpartiet som meiner dette. Forsking, gjort av Kirsti Klette, viser at gode faglege tilbakemeldingar til eleven er eitt av dei mest effektive verkemidla lærarane rår over. OECD er også opptatt av vurdering, men ikkje i form av talkarakterar.

Vi får ikkje ein betre skule ved å innføre nye målverktøy. Det må heller leggast betre til rette for at ferske lærarar får tilbod om rettleiing og rom for erfaringsutveksling og at lærarane får tid til å gjere jobben sin; nemleg å undervise, gi elevane konstruktive tilbakemeldingar og rettleie i kvar og korleis dei går vidare for å lære og utvikle seg. Det eit paradoks at Høgre, som seier dei er opptatt av mindre byråkrati, ynskjer å legge til fleire rapporteringskrav.