Meny
Bli medlem

Det er nok mange som føler seg snytt

Sist endret: 27.09.2020 #Nordland

Regjeringa la i dag fram forslag til ny nasjonal transportplan. Planen legg opp til at ein dei neste 12 åra skal nytta om lag 1000 milliardar på transportføremål. Senterpartiet merkar seg at ein aldri før har lagt opp til ein så høg innkrevjing av bompengar. FrP og Høyre legg opp til at 131 milliardar kroner skal hentas inn gjennom bompenger.

 

- Eg må seie eg blei overraska over at ein FrP statsråd legg fram ein plan som legg opp til så mykje bompengar. Det er nok mange som stemte på FrP i førre val som nå føler seg snytt, seier Janne Sjelmo Nordås, samferdselspolitisk talskvinne for Senterpartiet.

I Senterpartiet sine alternative budsjett dei siste åra har me satsa meir enn regjeringa og samarbeidspartia på veginvesteringar, fylkesvegar, breiband og kysttiltak. Senterpartiet har difor sett spesielt til desse sakene i den førebelse gjennomgangen av planen.

- Transportetatane peika i sitt grunnlagsdokument på at det er eit stort behov for eit løft i overføringane til fylkesvegane, det løftet finn me ikkje igjen i denne planen. Forfallet på fylkesvegnettet er stort, om lag 60 milliardar, og me veit at fylkesvegane er dei mest ulykkesutsatte vegane våre. Eg hadde difor forventa noko meir på dette området, fortsetter Janne Sjelmo Nordås.


Regjeringa legg no opp til å nytte 45% av investeringsmidlane til jernbane. Det er ei endring av prioriteringane slik at ein no bygger meir bane. Denne prioriteringa må sjåast i samanheng med at mindre enn 10% av transportarbeidet (personkilometer og tonnkilometer) går på bane. Tidlegare låg investeringsdelen til bane på rett i overkant av 30%, og investeringane i veg var høvesvis høgare. Senterpartiet vil vurdere om dette er ei rett vriding av investeringsmidlane.

- Senterpartiet er oppteken av at samferdselspolitikken gjer det mogleg å bu og å drive næring i heile landet. Me registrerer at fleire investeringsprosjekt er tekne ut av planen og nokre er skyvd fram i tid. Å ta prosjekt ut av planen er uheldig, fordi dei som først har fått prosjekta sine inn har ein forventing om at prosjektet vert realisert og planlegg liv og investeringar ut frå det. NTP bør vere føreseieleg, spesielt når ein legg opp til ein så lang planperiode som 12 år, avsluttar stortingsrepresentanten frå Senterpartiet.