Meny
Bli medlem

Høgres nedprioritering av Forsvaret

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane

Mange i Noreg er uroa for utviklinga av Forsvaret og sikkerheten og beredskapen i landet. Høgre og Frp la i fjor fram ein langtidsplan for Forsvaret som vil svekke Hæren, Heimevernet og kystforsvaret. Langtidsplanen styrkjer ikkje Hærens budsjett så ein kan sikre alle naudsynte kapasitetar som stridsvogner, artilleri og helikopter. Heimevernet vert redusert med 7000 mann. Sjøheimevernet vert lagt ned og kystkorvettane vert avskaffa, skriv Liv Signe Navarsete.

- Av Liv Signe Navarsete, utanriks- og forsvarspolitisk talskvinne for Senterpartiet

Tidlegare Forsvarssjef Harald Sunde åtvara etter framlegginga av langtidsplanen mot følgjande: «Norge risikerer i henhold til utkastet til langtidsplanen å stå med den svakeste Hær og Heimevern vi har hatt siden 2. verdenskrig». Dette gir grunn til uro. General H. R. McMaster, ein av vår tids mest respekterte militære strategar og nyutnemd nasjonal sikkerheitsrådgjevar i USA , konkluderte under sitt besøk i Noreg i fjor med følgjande: Soldatar på bakken vil ikkje bli mindre, men meir viktig i åra som kjem. Høgre og Frp er tydeleg usamd med McMaster. 

Forsvarets økonomi vil også lide ved at ein byggjer ned fungerande infrastruktur og kapasitetar ein stad, for så å nytta store summar på å byggje opp tilsvarande ein annan stad, utan å få auka kampkraft. Andøya er eit døme på slik pengesløsing, der ein øydelegg både operativ evne og lokalsamfunn som har tilpassa seg Forsvarets behov. Flytting av Hæren sine helikopter og avvikling av den splitter nye hovudbasen for helikopter på Bardufoss er eit anna døme på avgjerder som gir Forsvaret langt mindre kampkraft for pengane.   

Riksrevisjonen avdekka nyleg at verken politiet eller Forsvaret no er i stand til å sikre offentlege bygningar godt nok. Generalinspektøren i HV sa under høyring i Stortinget  at HV ikkje har ressursane dei treng. Senterpartiet tek dette på alvor, og meiner me no både må auke treninga i HV, betre HV-soldatane sitt utstyr, samt auke talet på HV-soldatar til 50 000 mann. Dette har Noreg råd til. For mindre enn 5 % av det Høgre og Frp føreslo i skattelette for 2017 ville vi fullfinansiert dagens Heimevern med full trening og topp utstyr.  

Medan Senterpartiet vil styrke Heimevernet, gjer Høgre og Frp det motsette. Regjeringa bryt ned Heimevernet, gjennom å redusere talet på HV-soldatar over store deler av landet. Sjøheimevernet som skal trygge Kysten vår er regjeringa i ferd med å avvikle i ekspressfart! Medan objekta i Noreg som treng sikring blir fleire, blir HV-soldatane færre. Når Riksrevisjonen åtvarar i sterkast mogleg ordelag om kva som er i ferd med å skje må Høgre og Frp innsjå at dei er på gal kurs.  

Noreg vil dei næraste åra kunne stå ovanfor ei rekkje sikkerheitsutfordringar og trugsmål. Vi treng ein nasjonal beredskap som kan handtere alt frå omfattande og koordinert terror, ulike typar hybrid krigføring, press mot norsk grense eller suverenitet over norske naturresursar og sentral infrastruktur.  Felles for alle desse trugsmåla er at me over heile landet treng menn og kvinner med forsvarskompetanse, både i lufta, på landjorda og til sjøs. Nedbygginga av Hæren og Heimevernet er historielaus. Regjeringa si mest grunnleggjande oppgåve er  å sikre borgarane sin tryggleik. I ei urolig tid burde den nasjonale beredskapen aukast, ikkje brytas ned. 

Ei styrking av Hæren, Heimvernet og kystforsvaret krev meir pengar. Den manglande finansieringa av Forsvaret vart sterkt kritisert frå Senterpartiet under handsaminga av langtidsplanen i fjor haust. Under NATO-møtet for kort tid sidan slo USA sin visepresident fast at dei låge forsvarsbudsjetta i fleire NATO-land undergrev sjølve fundamentet for NATO-alliansen. På direkte spørsmål om Noreg vil oppfylle NATO sitt mål om 2 prosent av BNP til forsvar innan 2024 svara forsvarsministeren at ho ikkje kunne «garantere» det. Dette er eit sterkt misvisande svar. Det ærlege ville vere å seie at med regjeringa sin langtidsplan vil Noreg garantert ikkje nå NATO sitt 2-prosentmål innan 2024. 

 


 

 

Relaterte personer

Liv Signe Navarsete

Stortingsrepresentant (Sogn og Fjordane)
• Medlem i Utenriks- og forsvarskomiteen

Rådgiver: Marie Lamo, [email protected], tlf.: 900 18 530
Telefon: 23 31 33 98 Les mer