Meny
Bli medlem

Karen Følgesvold (22) tilsett som ny generalsekretær

Sist endret: 27.09.2020

Måndag 3. april tilsette sentralstyret i Senterungdomen ny generalsekretær. Karen Følgesvold er frå Sandnes i Rogaland, og har sidan juni 2016 vore tilsett som organisasjonsekretær i Senterungdomen. Frå sumaren av tiltrer ho stillinga som generalsekretær.

Avtroppande generalsekretær, Sara Hamre Sekkingstad, gler seg til å følgje utviklinga av organisasjonen med Karen i leiinga. - Eg ønskjer Karen lykke til i det som er verdas beste jobb, seier Sara.

Karen har ei bachelorgrad i historie og engelsk ved Universitetet i Stavanger. Ho har brei organisasjonserfaring lokalt og regionalt i både 4H og Senterungdomen, og var i tillegg ungdomskandidaten til Sandnes Senterparti ved kommune og fylkestingsvalet i 2015, og deltok aktivt i valkampen der.

- Det er god stemning i Senterbevegelsen om dagen. Senterungdommen bidrar med auka medlemstal, høg aktivitet og mykje god politikk. Eg tar spent og audmjuk fatt på nye oppgåver for organisasjonen, og gler meg til fortsetjinga i lag med Senterungdomen!, seier Karen Følgesvold.