For folk i Oslo er dei som har mest å tjena på Senterpartipolitikk og desentralisering. Målet på om ein by er god å bu i er ikkje kor mange folk som bur i byen, kor trongt folk står på bussen og kor høge bustadprisane er. Sentralisering er ei oppskrift for fleire pressproblem. Desentralisering er ei løysing som er bra både for heile Noreg.

Oslo er hovudstaden i Noreg. Eg trur dei fleste i Noreg er stolte av hovudstaden sin. Då må folk rundt om i landet oppleve at hovudstaden også er stolt av og forstår landet dei er hovudstad for.

Når Erna Solberg og Høgre er sjef i hovudstaden så mangler denne forståinga. Regjeringa har fått for seg at det einaste som er forbetring er å sentralisera. Då aukar konflikta mellom hovudstaden og resten av landet.

Etter å ha sentralisert Noreg kvar einaste dag i snart fire år har regjeringa innsett at dei må gjera noko sidan de nærmar seg val. Då flytter dei ut nokre få statlege arbeidsplassar. Det er som å knekka beina på nokon og etterpå tilby dei eit plaster.

Det er ikkje berre folk på bygdene som opplever å bli oversett av Regjeringa. Det gjeld like mykje folk i tettstadar og byar rundt om i heile Noreg.

Noreg treng desentralisering framfor sentralisering. Me treng ein aktiv distriktspolitikk og ein næringspolitikk som gjev arbeidsplasser i heile landet. Det er viktig for Noreg og det er viktig for Oslo. Difor treng me eit sterkt Senterparti i heile landet og eit nytt politisk fleirtal.