Meny
Bli medlem
Beathe Marie Dahl Eides innlegg til landsmøtet

Beathe Marie Dahl Eides innlegg til landsmøtet

Publisert: 04.06.2021

Som leiar i Senterkvinnene er det fantastisk at det er Senterpartiet sine løysingar for norske familiar som er i fokus og av dei mest diskuterte sakene i forkant av vårt Landsmøte. 

 

Det handlar om korleis vi skal få kvardagen til å gå opp for folk. Kvardagspolitikk.  

Ei av dei største politiske utfordringane framover er å leggje til rette for at det fødast fleire ungar. Vi treng arbeidskraft og busetting i heile landet. Fødselspermisjon og barnehageplass er heilt sentralt. 

 
Eg er veldig glad for at Senterpartiet foreslår ein moderne foreldrepermisjon! Programforslaget tek på alvor dei norske familiane som seier i frå at dagens ordning ikkje fungerar. Der venstresida går seg vill i firkanta ordningar og høgresida går seg vill i valgfrihet, der finn Senterpartiet dei gode løysingane som ivaretek valgfrihet for familiane, barnets beste, likestilling og nasjonale tilrådingar for amming. 

 

Vi lever ulike liv, bur på ulike plassar i landet, har ulike typar arbeid, vi er ulike familiar. Vi må ha ordningar som er tilpassa livet - ikkje at livet må tilpassast ordningane.  

Senterkvinnene har fått fleire viktige gjennomslag i programmet, mellom anna å øyremerke dei 6 barselsvekene og halde dei utanom mødrekvota. Samtidig er det avgjerande viktig å behalde fedrekvota på 15 veker. Å sikre fedrene nok permisjonstid er ei investering i likestilling. Det styrkar fedrene si rolle som forelder, og det styrkar kvinner si rolle i arbeidslivet når menn tek ut meir permisjon. Vi veit at graviditet og det å få barn fremdeles fører til diskriminering i 2021.  

 

Så er det ein diskusjon om å redusere fedrekvota til 11 veker. Eg opplever at mykje av debatten handlar om dei store utfordringane dagens ordning gjev. Ikkje det vi faktisk går inn for i programmet. 

 

Permisjonen skal som hovudregel vere tredelt. Men, vi vil ha ei fleksibel ordning som tek hensyn til dei som ei tredeling ikkje fungerar for. Sjølvstendig næringsdrivande, studentar og vanlege arbeidstakarar som ikkje har mogelegheit til å ta ut permisjon samanhengande. Vi vil gje foreldre sjølvstendig uttaksrett og fjerne aktivitetskravet i fellesperioden. Og det må bli enklare å overføre permisjon mellom foreldre når det er grunnar for det. Det som er lagt fram sikrar uansett alle kvinner, som ynskjer det, lønna permisjon i nesten 8 månadar, om far kun tek si fedrekvote og vi foreslår ei fleksibel ordning som ER tilpassa livet.  

 

Ïdag vert mange tvinga til å ta ulønna permisjon, på grunn av dagens firkanta ordning og mangel på barnehageplass. Det er dårleg for likestillinga. Mange kvinner risikerer å havne i økonomisk uføre om ein vert sjuk eller skada i denne perioden. 

 

Vi må ha ordningar som heng saman, og gjere kvardagen enklare for norske barnefamiliar. Vi må sikre alle ungar barnehageplass frå eitt år. Dei som ynskjer det må få velge ulønna permisjon, men manglande barnehageplass må ikkje hindre kvinner i å komme tilbake i arbeid. Vi treng arbeidskraft i åra som kjem. Så stem for løpande barnehageopptak. 
 

Eg gler meg til Senterpartiet kjem i regjering og får på plass ein moderne familiepolitikk, med ordningar tilpassa livet, og anna god Senterpartipolitikk som utjamnar forskjellane mellom folk. DET er det aller viktigaste med å drive politisk arbeid. 

Denne artikkelen ble først publisert 04.06.2021