Særleg går dette ut over distrikta.  Som eit døme er fem lensmenn i Hallingdal – ein av landets største reiselivsdestinasjonar - erstatta med berre ein politikontakt, og alle tre innsatsleiarar som var lokalisert i dalen er flytta ut. Beredskapen i mange kommunar blir betydeleg dårlegare. Reforma har vorte ei sentraliserings- og byråkratiseringsreform

 

Me treng eit politi som er nær folket, som kjenner geografien og lokalkulturen, som kan avverge kriminalitet, som har kapasitet til å aksjonere raskt og som kan drive effektiv etterforsking.

Intensjonen med reforma var å skapa eit trygt og godt samfunn, men resurssane for å fylgje opp ideane viser seg å vera utilstrekkelege. Politiet manglar folk og trong økonomi gjer at mangt i reforma ikkje let seg gjennomføre.

 

Buskerud Senterparti ber Stortinget ta tak bekymringa frå bl.a Politiets Fellesforbund om at det ikkje er samanheng mellom bevillingar og forventningar til polititenesta.