Meny

Agder senterparti krev at regjeringa greier ut ordningar for å jamne ut nettleiga.

Ulike tariffar for nettleige gjev ulike straumutgifter. For privatkundar kan forskjellen vere fleire tusen kroner i året, for bedrifter fleire hundre tusen, alt etter kvar ein er lokalisert i landet. Dette kjem mellom anna av topografiske forhold, og kor mange kundar det blir pr meter nett. Dette kan slå ut slik at dei som bur nær inntil store kraftstasjonar, betaler høgre nettleige enn dei som bur sentralt og langt unna der kraftproduksjonen skjer.

 Norsk kraftproduksjon skjer i det vesentlege i distrikta. Kraftforbruket er størst i sentrale strok. Heile landet er på ulikt vis tatt i bruk til kraftproduskjon og distribusjon.

 Nettleiga må ikkje vere til hinder for busetjing og næring der krafta vert produsert. Agder senterparti vil ha utjamna nettleige for heile landet.