Stortinget skal handsame om Norge skal gå inn i EU sitt energibyrå, ACER. Saka gjeld kort og greitt om Norge skal ha råderetten over Nors kraft eller ikkje. Senterpartiet vil ha norsk råderett over norsk kraft. 

ACER, EU sitt energibyrå, er i stadig utvikling. Dagens regelverk – som er både stort og komplisert – er i endring, og EU sitt mål er ein energiunion. Nasjonale omsyn skal setjast til side, og EU skal få styring med kraftproduksjon og det skal bli «fri flyt» av kraft.

 Når no regjeringa vil at Norge skal slutte seg til ACER er det både tvilsamt om ein har oversikt over kva konsekvensar det har med dagens regelverk, og det er heilt i det blåblå kva konsekvensar det vil få seinare.

 Nasjonal kontroll over kraftressursar er ein hjørnestein for samfunnsutviklinga i Norge. Dette har fungert, og fungerer, rimeleg godt. Det er svært vanskeleg å forstå kvifor Norge skal gamble med dette. Her bør ein ta seg tid til å greie ut konsekvensane skikkeleg, og er ein det minste i tvil bør ein halde seg til det sikre.

 Norske styresmakter skal ha kontroll over norsk kraftprodusjon og sal av norsk kraft. Stortinget, ikkje EU skal ha siste ordet i dette. Norge må ikkje gje frå seg råderetten til EU.

 Når då også eit knippe jusprofessorar, Eivind Smith, Halvard Haukeland Fredriksen og Eirik Holmøyvik, seier at det er suverenitetsavståelse etter grunnlova å gå med i ACER, då er det på høg tid å gje regjeringa stoppordre!