Meny
Bli medlem
Publisert: 07.06.2018 - Eirill Indrebø #Hordaland

Hordaland Senterparti søkjer organisasjonssekretær til ei prosjektstilling i 40%  med tiltredelse snarast mogeleg fram til mars 2019, med mogelegheit for forlenging.

Hordaland Senterparti er eit politisk parti med ca. 1200 medlemmar. Vi har i dag eit tett samarbeid med Sogn og Fjordane Senterparti og ynskjer å styrkje organisasjonen vår med ny medarbeidar. Du vil bli eit knutepunkt mellom Senterungdommen, Senterkvinnene og fylkestingsgruppa i Hordaland Senterparti. Vi ser etter ein som har interesser for politiske prosessar og har organisatoriske evner.


                                                                                                                                      19. mars 2018

Er du ein kreativ, initiativrik og samfunnsinteressert person er dette rette stillinga for deg. Organisasjonssekretæren er ein viktig del av eit spennande politisk miljø i vekst. Vi søkjer deg som kan arbeide sjølvstendig, strukturert, har god kjennskap til bruk av ikt og har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Som arbeidsområde vil du mellom anna få sekretæransvar for Senterungdomen, Senterkvinnene og fylkestingsgruppa i fylket, og arrangere kurs, møter og samlingar for heile organisasjonen. Du vil arbeide med intern og ekstern informasjon og få ansvar for å vidareutvikle organisasjonen på sosiale media. Du vil ha ei viktig rolle i utvikling av organisasjonen, og få høve til å bli godt kjent i heile fylket og bli ein del av eit aktivt politisk parti der du deltar i samfunnsutviklinga i Hordaland.

Synest du dette er spennande? Send oss ein søknad då vel!

Praktiske opplysningar: Opplæring vert gjeve. Løn etter avtale – reise og diett vert dekka etter staten sitt regulativ. Noko kveld- og helgearbeid må påreknast.

Kontorstad er: Bergen.

Søknad med kortfatta CV skal sendast til [email protected]– evt. til Senterpartiet i Hordaland –Vestre murallmenning 15, 5011 Bergen . Søknaden må vere komen oss i hende seinast 10. april 2018.

 

For meir informasjon kontakt:

Fylkesleiar Jostein Ljones (90515901).
Fylkessekretær Eirill Shin Nordvik Indrebø( 95112964).

 

Denne artikkelen ble først publisert 19.03.2018