Meny

Senterpartiet ynskjer å styrkje lærarrolla

Alexander Fosse Anders
Alex f-Andersen .jpg

Tal frå styresmaktene viser at det er om tre år vil mangle 3000 lærarar. Samstundes som er trong for fleire lærarar, går søkjartala til grunnskuleutdanninga ned. Dette uroar Senterpartiet. Fleire må vilje bli lærar, då må me vise lærarane meir tillit og styrkje lærarrolla.

Læraren er den viktigaste faktoren for læringa til elevane. Faglege og pedagogisk dyktige lærarar bidreg til at elevar opplever meistring, motivasjon og lærelyst. Senterpartiet er for kompetansekrav som sikrar at dei som skal undervise i fag har fordjuping i desse faga, med andre ord minst 30 studiepoeng i barneskulen og 60 studiepoeng på ungdomsskulen for å undervise i basisfaga matte, engelsk og norsk. Likevel er Senterpartiet sterkt imot at krava er tilbakeverkande kraft. I realiteten inneber dette ei avskilting av mange tusen erfarne lærarar dersom dei ikkje tek vidareutdanning. Senterpartiet meiner det er dårleg ressursutnytting å tvinge lærarar til vidareutdanning for eit yrke dei allereie er utdanna til. Studieplassane kunne heller ha kome dei mange tusen ukvalifiserte lærarane som jobbar i skulen allereie til gode, noko som kunne gitt skulane eit løft – òg i andre fag som skulane treng kompetanse i.

           TV2 fortalde nyleg om Liza Hovland som ikkje var kvalifisert til lærarutdanninga på grunn av 3 i matematikk, sjølv om ho har 5,2 i snitt. Hovland jobbar som vikarlærar i barneskulen og har stort engasjement og ynske om å bli lærar. Senterpartiet er uroa over at potensielt dyktige lærarstudentar som ikkje opptakskrava lèt vere å søkje lærarutdanning. Me trur det er viktigare å syte for kvalitet i sjølve lærarutdanninga for å sikre at det blir utdanna lærarar med tilstrekkeleg fagkompetanse til å gjere ein god jobb i klasserommet.

           Senterpartiet ynskjer å styrkje lærarrolla. For mykje tid vert nytta på andre oppgåver enn å følgje opp elevane og gi god opplæring. Det er difor trong for avbyråkratisering i skulen, testing og rapportering må reduserast til berre det nødvendige. Senterpartiet ynskjer difor å avvikle norsk deltaking i PISA-undersøkinga og omlegging av nasjonale prøvar til utvalsprøvar. Senterpartiet vil la lærarane få tid til å følgje opp og sjå kvar elev. Difor seier me òg ja til auka lærartettleik i skulen.

           Senterpartiet meiner det er viktig å vise læraren tillit. Difor seier me nei til meir testing og rapportering og nei til tilbakeverkande kompetansekrav. Vi vil heve kvaliteten på lærarutdanninga og styrkje lærarrolla ved å gi læraren meir tid til kvar elev. Det fører til auka læring, meistring og motivasjon for elevane.

 Alexander Fosse Andersen

5. kandidat til stortingsvalet for Senterpartiet