Årsmelding 2016 for Kvam Senterparti


Årsmøtet 2015 vart halde på rådhuset i Norheimsund 17.november 2015. 17 medlemmer møtte. Årsmøtet godkjente årsmelding og rekneskap, drøfta arbeidsplan, budsjett og det vart gjennomført val. Hovudinnlegg var busetjinga av flyktningar i Kvam med leiar av flyktningeavdelinga Malin Namdal, NAV-leiar Terje Langeland og rådmann Arild Steine. Margunn Samnøy, nestleiar i Hordaland Sp, informerte om arbeidet til Hordaland Sp. Ordførar Jostein Ljones gratulerte partiet med valresultatet og snakka om vegen vidare.


Styret i 2016:

Ingunn Karin Torvik leiar

Nils Neteland nestleiar

Gunnar Egil Seljebotn kasserar

Inger T Enes skrivar

Vilma Vence studieleiar

Heine Røyrvik styremedlem, SU-kontakt

Herleif Tveit gruppeleiar i heradsstyret

Torkel Hovland 1.vara

Ole Gjerde 2.vara

Lene Tørvik 3.vara

Medlemmer i laget pr. 24.oktober 2016 er 66. 6 av disse er Senterungdommar. Medlemstalet vårt har det siste året gått ned. Laget må jobba meir med medlemsverving neste år, for at me skal klare å halde aktiviteten vår oppe.


Arbeidet gjennom året:

2016 har vore eit mellomår, uten noko valkamp å ha fokus på. Allikevel har aktiviteten i laget vore stor. Styret har hatt 6 styremøter og halde 2 medlemsmøter. Medlemmer frå styret og heradsstyregruppa har hatt studiering om stortingsprogrammet 2017-2021. Resultatet her vart lagt fram, og gått igjennom, i eit medlemsmøte i oktober. Medlemsmøtet i april hadde fokus på kommunereformen og regjeringa si sentraliseringsiver. Medlemmene til Jondal Sp var også invitert til dette møtet. Stortingsrepresentant Kjersti Toppe var med på begge medlemsmøta.


I januar inviterte styret alle nabokommunane til eit kurs i bruk av Corepublish og korleis bruke heimesidene på Sp.no. Fylkessekretæren til Hordaland Sp, Eirill Indrebø, kom og held kurset for oss. I tillegg til eigne styremedlemmer møtte det frå 4 nabolag.


Kvam Sp var representert med 5 utsendingar, i tillegg til leiar og gruppeleiar på fylkesårsmøte til Hordaland Sp i februar. Lokallaget vårt vart hedra med tittelen «årets lokallag» Dette for den gode valkampen me gjorde, for eit fantastisk valresultat og for at me er flinke til å fylgje opp kontakten med fylkeslaget. Leiar hadde også eit innlegg under årsmøtet, om korleis me jobbar med lokallagsarbeid og valkamp. Me fikk mange gode tilbakemeldingar, både etter innlegget og kåringa. Dette krev godt og målretta arbeid for å fylgje opp vidare.


I april kom Stortingsrepresentant Kjersti Toppe på besøk til Kvam. Her fikk ho, saman med ordførar og lokallagsleiar innblikk i kvardagen og utfordringane til Vaksenopplæringa, NAV flyktning og Grannehjelpa. Hovudfokus denne dagen var integrering og frivillig arbeid. Kjersti fikk med seg fleire utfordringar tilbake til Stortinget.

Styret var også ute i alle dei største bygdene våre og snakka med folk om kommunereformen, i vår. Ettersom heradsstyret ikkje ville ha folkeavstemminga, hadde Sp sin eigen stemmekasse med rundt. Interessa var ulik, men folk var positiv til at me var ute å snakka med dei.


Alle dei politiske partia vart i juni invitert av Kvam herad til å bidra til introduksjonsprogrammet, der fokuset skulle vere norsk demokrati og politikk. Kvam Sp var ein av to parti som tok imot invitasjonen. I midten av august var lokallagsleiar og haldt eit innlegg til mange av våre nye innbyggjarar i Kvam. Dette var veldig kjekt og inspirerande for arbeidet med god integrering til Kvammasamfunnet.


Ellers har styret jobba med:

Kommunebudsjettet, markering av miljødagen, kommunereformen, Aust-vest trasseane, medlemsverving, nominsjon til Stortingsvalet 2017.

I regi av Senterkvinnene i Hordaland har leiar møtt på årsmøtet deira, januar 2016 og eit ope møte om fødselstilbodet på Haukeland.

Nestleiar var tilstades på haustkonferansen til Hordaland Sp.


HST-gruppa har jobba godt saman og driv ein aktiv politikk. Viktige saker som dei har jobba med er:

Kommunereformen, budsjettet for 2016, viktig satsing på Kvam familie og læringssenter(KFL), byggjing av Ålvik skule, Kvammapakken, mottak av mindreårige flyktningar, interkommunal legevakt, arealdelen til kommuneplanen og mange viktige reguleringsplanar. Ordførar Jostein Ljones og gruppeleiar Herleif Tveit jobbar godt for å få til breiast mogleg einigheit om dei store sakene.


Ingunn Karin Torvik

-leiar-