Meny

Det er tid for å skifte mannskap i regjeringskontora

DSC09202

Dei siste 4 åra har H og Frp styrt med støtte frå V og Krf. Me ser kva me har fått av ”moderne”, distriktsvenlege tiltak. Kommunereform, der også tvang har vore eit verktøy. Nærpolitireform og sentralisering av skattekontora.

Lovnadar på samferdselssektoren som ikkje vert haldne. Ei rasering av heimevernet som er vårt viktigaste nærforsvar.

Ein jordbrukspolitikk som støttar dei største einingane. Einingar som er mykje større enn det som er fysisk mogleg å få til på Vestlandet. Ein ”intigreringsminister” som må til Sverige for ”å læra”, ho hadde ikkje tid før no rett før valet.

 

I desse åra har dei indre bygdene i Hordaland vore representert av venstremannen Terje Breivik frå Ulvik. Ikkje eit vondt ord om Terje, som eg kjenner som ein triveleg kar og dugande knivslipar. Kva politikk har han vore med lagt til rette for? I valkampen reiser han rundt for å selja alt det positive Venstre har fått til desse 4 åra. Det kjennest sikkert slik ut for Venstre, og eg legg ikkje opp til noka mannjamning om det. Det han ikkje snakkar om, er den totale politikken som regjeringa har ført. Ei regjering som han saman med Krf har halde si hand over.

Dei har slutta seg til regjeringa sitt framlegg til NTP, som fører til ei utsetjing av K5 alternativet. Etter brotet i jordbruksforhandlingane la Venstre ut ein redningsplanke for regjeringa slik at ho kunne koma seg i land. Det kan finnast fleire døme. Poenget mitt er at i politikken kan ein ikkje velja seg varer frå den menyen som smakar best, når ein samstundes syter for at regjeringa totalt sett kan føra sin politikk. I alle høve burde ein vedkjenna seg eit medansvar.

Det er på tide med eit skifte. I særleg grad er dette viktig for dei indre Hordalandsbygdene. Nils T. Bjørke er 2. kandidat på Sp si liste til Stortingsvalet, og kan koma på Tinget om du vel den rette røystesetelen. Han treng  ikkje nokon nærare presentasjon, velkjend  frå si tid som leiar i Norges Bondelag. Få kan meir om norsk landbruk enn han, og særskilt kjenner han Vestlands-og Hordalandslandbruket. Dette er viktig i ei tid der eit framhald av Frp politikken knapt vil gje eit framtidsrom for dei små og mellomstore einingane. Han har vore leiar i Samferdselsutvalet i Hordaland fylkeskommune dei 2 siste åra, og  har såleis framifrå innsikt i samferdselsutfordringane i fylket dei næraste åra. Han har mykje av æra for at Hordaland fylkeskommune sette Vossaløysinga K5 på topp.

 Bruk røysteretten din og syt for at Nils T. Bjørke kjem på Tinget.

 Magnar Lussand