Navn og alder:
- Terese Jemtegård Moen, 49 år
Bakgrunn og interesser
- Terese vaks opp i Monsgarden på Jamtegarden i Valldal. Etter gymnaset på Stranda Vidaregåande Skule og reiselivslina ved Otto Treiders Handelsskole i Oslo, utdanna ho seg til reiselivsøkonom ved Høgskulen i Bø i Telemark. Etter dette fekk ho jobb i reisemålsselskapet Rauland Turist i Vinje kommune i Telemark, og jobba der fram til ho og familien flytte heim att til Valldal i 2009. Sidan 2009 har ho jobba som dagleg leiar i næringsutviklingsselskapet Fjordhagen AS, og ved sidan av arbeid har ho tatt ei mastergrad i stedsutvikling ved Universitetet i Tromsø. Mannen Richard jobbar som lærar ved Valldal skule, og dei har vaksne døtre. Lokalsamfunnsutvikling og distriktsutvikling er noko Terese alltid har vore oppteken av og engasjert i, både som frivillig og i utdanning og yrkesliv. Ho er glad i å spele i korps, og likar også godt å spele frisbeegolf og gå turar i skog og mark.