Meny

Myndigheit over eigen energi

Eit fleirtal i Oppland fylkesting beståande av Sp, Ap, Sv og Krf vedtok ein uttale om suverenitetsavståing til EUs energibyrå ACER den 13. desember 2017

Posisjonen, H, Frp, V og MDG, ville ikkje behandle uttala med begrunning i at dette var ikkje opp til oss å meine noko om! Dette gjeld i høgste grad den enkelte av oss, så dette bør vi meine noko om og saka skal opp i Stortinget rett på nyåret 2018.

Sp meiner norsk kraft fyrst og fremst skal brukast til å utvikle næringslivet i Norge og dekke det norske energibehovet, og derfor må regjering og Storting reservere Norge mot suverenitetsavståing til EUs energibyrå ACER. Ja, vi ynskjer internasjonalt samarbeid innanfor energipolitikk og klima, men ikkje på bekostning av å bestemme over eigen energipolitikk. Vi ynskjer eit samarbeid på mellomstatleg nivå og vil ikkje la viktige energipolitske spørsmål og energifordeling bli avgjort av ei byråkratisk overordna byrå i EU.

Det blir no bygd ein eksportkabel til Tyskland frå Sørlandet. I tillegg har Statnett konsesjon på ein ny kabel til Skottland. Blir begge desse bygd kan nesten halvparten av all norsk kraftproduksjon eksporterast. Krafta blir seld etter frimerkeprinsippet og vil gå dit prisen er høgast. I Norge er straumprisen i dag vesentleg lågare enn i Storbritannia og Tyskland.

Det er all mulig grunn til å frykte at Norge vil importere ein europeisk strømpris og miste vår viktigaste konkurransefordel, rimeleg og rein energi. Prosessindustrien i Norge står for 20 % av norsk eksport og målet bør vere ein større prosentandel enn det. Dei aller fleste av desse bedriftene er avhengige av ein føreseieleg og konkurransedyktig pris på straumen.

I denne situasjonen blir det fremma eit forslag om at Norge skal gje frå seg suverenitet til EUs energibyrå ACER via overvakingsorganet ESA. ACER har som formål å lage eit felles europeisk nett for både gass og straum der nasjonale omsyn ikkje skal takast. Medan dagens samarbeid er rådgjevande, skal ACER fatte bindande fleirtalsvedtak. Konkret blir det foreslått at ACER skal bestemme reglane for når straumen skal flyte den eine eller andre vegen gjennom eksportkablane. Dei vil også bestemme kven som skal betale ved ueinigheit og det er uklart om Norge kan stoppe eksportkablar ut frå nasjonale omsyn.

Det er også forslag om ny reguleringsmyndigheit for energi (RME) som vil bli ein helt ny statsforvaltningsmessig konstruksjon, og noko vi ikkje har hatt tilsvarande av i Norge i fredstid sidan 1905. Ein slik uavhengig reguleringsmyndigheit vil høgst sannsynleg stride mot prinsipp i Grunnloven.

Det å gje frå oss den regulatoriske myndigheit og styringsmoglegheit som i dag ligg hos NVE og Statnett, vil vere ei høgst usikker retning for norsk energipolitikk.

Aud Hove, Oppland Senterparti