Program for kvelden:
·       Velkommen
·       Nedlegging av mink. Kva skjer? Geir Pollestad og Martin Svebestad
·       Kveldsmat og åresal
·       Årsmøte
·       Oppsummering etter valet
·       Orientering om arbeidet i kommunstyregruppa
·       Diskusjon

Alle medlemmer er velkomne!

Nedlegging av mink. Kva skjer?
Ved Geir Pollestad SP, Ove Undheim Klepp Gardsrekneskapslag, Bertram Thrane Skadsem styreleiar i Norges Pelsdyravslag og Jan Ove Horpestad leiar Rogaland Pelsdyravlslag.

Dette er ei veldig uheldig sak for dei det gjeld og for alle som er interessert i næring og politikk. Næringa skal leggast ned i 2025 og erstatninga er indikert til å bli lik bokført verdi. Det siste er reint landevegsrøveri, og er eit eige kapittel i denne saka. Me vil fylgja nøye med i denne saka, og særleg på erstatningsutmålinga.

Me ønsker å høyra kva som er den politiske statusen, kva har skjedd og kva skjer framover i denne viktige saka for Klepp SP. Det spør me Geir om.

Ove Undheim informerer om den økonomiske situasjonen sett frå ein rekneskapsførar sin ståstad. Det gjeld verdsetting og sjølsagt kva som er ein rimeleg kompensasjon for ein næringsdrivande som vert fråteken levebrødet sitt.

Jan Ove Horpestad og Bertram Thrane Skadsem kjenner næringa frå innsida og det arbeidet som føregår i faglaga.

Kveldsmat og åresal
Me tenkte god mat og god drikke. Litt for å markera at me kan klappa oss sjøl litt på aksla etter eit godt val, at me har fått inn ei god gruppe i kommunestyret og at me har posisjonar som gjer at me kan markera oss godt politisk.

Oppsummering etter valet
Litt om arbeidet med programmet, valkampen, forhandligane og dewt endelege resultatet. Ei liten kikk bak gardina. Me hadde ei slik øving på første gruppemøtet etter valet, men det kan jo vera andre som lurer på dette også.

Programarbeidet vart gjennomført av programkomiteen ved Hanne Kristine Vatne, Arild Børge Skjæveland, Anne-Lene Bøe, Kjell Vårli, Marianne Øvregård, Roar Lima Grødeland og Unni Skadsem. Me la dette opp som ein studiering og planla for to åpne medlemsmøter. Komiteen hadde 4 møter, 15 april, 29 april (komb styremøte), 20 juni og 6 august.

Valkampen vart i stor mon organisert av Marianne med støtte frå oss i styret. Me møtte opp på Jærdagen, Klepp 24 i tillegg til dei laurdagane då dei andre partia hadde markering. Me var i Kleppkrossen (ulike plasser), på Voll, i Orre, på Klepp St og på Øksnevad / Orstad.

Me kjøpte inn effektar, kokebok, klede, søtsaker, pennar og liknande til utdeling. Me var også på pakkedugnad på Rådhuset.

Arild Børge fixa trykking av program, banner og ulike plakatar. Me hadde banner utanfor Årstein på Orstad, på Orre og på Bore. Bodskapen var å peika på Roar som vår ordførarkandidat. Bannera kan me skriva ned over mange val; Roar er fortsatt ung, og faktisk den yngste i kommunestyret. Og me som har Vilde i tillegg. Kanskje ho vert den yngste neste gong?

Klepp SP fekk 1595 røyster i eit val med 65% frammøte. Det er det beste frammøte på mange år. Me fekk 16,9% av stemmene, og mangla ca 40 stemmer på å ta eit mandat frå FrP. Me vart det tredje største partiet med 5 mandat i kommunestyret (4 mandat i forrige periode), kun slått av Høgre og FrP med 7 kvar. Hadde me hatt 40 stemmer til hadde me havna på delt andre plass.

Styret sette ned eit forhandlingsutval med mandat til å tinga på med dei andre partia på vegne av Klepp SP. Utvalet var Roar, Arild Børge og Åslaug, Sigmund var vara og møtte for Åslaug i den siste delen av forhandlingane. Utvalet starta arbeidet så snart pålitelege målingar ga indikasjon på kva veg valet ville gå. Dette resulterte i at det første forsøket var å prøva å få til ei løysing med Høgre (7mandat), AP (4 mandat) og SP (5 mandat). Dette forsøket stranda, og forhandlingane enda opp med ei løsying der alle parti, untatt Høgre, fekk i stand eit valteknisk samarbeid med 24 av 31 mandat til saman.

I den nye kommunestyregruppa har me veteranane Roar Lima Grødeland (medlem formannskapet), Åslaug Årsland Grude (medlem i utval for samfunn og kultur og i Brukar rådet), Arild Børge Skjæveland (leiar i utval for samfunn og kultur), Marianne Øvregård (medlem i utval for barn og unge). Av dei nye er Odd Braut medlem i utval for helse og velferd, er Vilde Bilstad 1 vara til kommunestyret. Ho har søkt 1 års permisjon og Sigmund Bråtveit rykker då opp frå 2 vara til kommunestyret. I tillegg er Anne-Lene Bøe første varamedlem i utval for helse og velferd. Ho er ikkje medlem av kommunestyret, men kjem sikkert ti lå møte ofte i utvalet fordi ho er vara for alle representerte parti .

Orientering om arbeidet i kommunstyregruppa
Roar orienterer litt om året som har gått. Kva saker har vore drøfta, kva skjedde igrunnen i bompegesaka og så vidare med litt politisk innhald.

Diskusjon
Som vanleg ønsker me ei aktiv forsamling spørsmål og påstandar åpnar alltid for at me kan læra meir. Kom på møtet, ver aktiv og ikkje gi deg før du har fått svar på det du lurer på. Det vert me betre av alle saman.

Årsmøte sakliste:
 

1.       Val av møteleiar
2.       Godkjenning av innkalling og sakliste
3.       Val av referent og 2 til å skriva under referatet (frå salen)
4.       Godkjenning av årsmelding 2019 (sjå under)
5.       Godkjenning av rekneskap 2019 og budsjett 2020 (sjå under).
6.       Fastsetjing av medlemskontingent (til orientering – vert gjort av landsstyret)
7.       Godkjenna styret sitt forslag til arbeidsplan
8.       Val av styre, revisor, valkomite, utsendingar til fylkesårsmøte
9.       Innkomne saker (må vera styret i hende seinast 8 dagar før årsmøtet)
10.   Eventuelt

Til sak 5: Rekneskap 2019 og budsjett 2020

Revidert rekneskap 2019 ligg ved. 2020 er eit «mellomår» fordi det ikkje er val. Klepp SP skal bygga laget og gjera oss klar til neste kommuneval. Det betyr i praksis at me skal legga oss opp pengar slik at me er klar for valkamp i 2021 og 2023.

Til sak 7: Arbeidsplan 2020

Sjå vedlegg saman med rekneskap og budsjett. Planen er å skulera oss, trekkja til oss folk som me trur vil vera med å laga eit godt Senterparti i Klepp, og stella godt med dei som er med oss nå. Me skal ha gode gruppemøter, som er slik at det intereressant også for andre enn gruppa å møta og delta i drøfting av sakene.

Me ønsker å ha ei kompetent og vel førebudd kommunestyregruppe, noko som gjer oss attraktive som samarbeidspartnerar ved neste val. Det er viktig.

Av saker er nedlegging av minknæringa og den kompensasjonen dei får den viktigaste lokalt.

Til sak 8: Val 2020

Valnemnda sitt forslag ligg ved og vert presentert av Andreas Wiig. Styret foreslår at det  vert gitt fullmakt til å velja utsendingar til fylkesårsmøtet. Erfaringa viser at det ofte vert bytting i siste liten. Då er det greitt å kunna vera kreativ og rask.

ÅRSMELDING 2019

Styret i 2019

Leiar;                  Sigmund Bråtveit
Nesteleiar;          Arild Ånestad
Kasserar;            Ansgar Solheim
Styremedlem;     Vilde Bilstad
Styremedlem;     Sigmund Wiig
Styremedlem;     Kjell Vårli
Senterungdom;   Alexander Rosland
1.Varamedlem;   Anna Elida Hanssen
2.Varamedlem;   Anne-Lene Bøe

Medlemstalet er i 2019 på 90, i 2018 på ca 100, 2017 på 91 og det var i 2016 på 82. Me hadde 104 medlemmer i 2015.

Me har 2019 hatt 5 styremøter i tillegg til gruppemøtene. 14 jan, 25 mars, 29 april, 19 august (avlyst) og 7 oktober. Dei viktigaste sakene i 2019 har vore planlegging og gjennomføring av alle aktivitetane fram til kommunstyrevalet den 9 september, fylkesårsmøtet, medlemsverving og årsmøtet (eige planleggingsmøte).

Alle varamedlemmer har også vore innkalla. Frammøte har vore veldig bra og me har hatt gode og interessante diskusjonar i alle møtene. Det er særleg kjekt når alle møter og det vert livlege diskusjonar. Me hadde eit kombinert styremøte og programkomite møte. Der vart bomsaka kraftig diskutert. Det var som eit forvarsel på kva som skulle koma dei neste vekene.

Møtekalender 2019 

møtekalender

Revidert rekneskap 2019 (frå og med 1 oktober 2018 til 14 oktober 2019) og budsjett for komande år. 

regnskap

 

Val av nytt styre i Klepp Senterparti 2019-2020

Valnemda si innstilling 
 
Leiar - Sigmund Bråtveit
Kasserar - Ansgar Solheim
Styremedlem - Anne Elida Hanssen (sekretær)
 
Varamedlemmer
1-Vara - Anne-Lene Bøe
2-Vara - Per Arild Vådeland
  
Revisor - Åge Erås
Revisor/vara - Magne Jakobsen

Valnemda
Vald-2018. Asbjørn Aanestad - ikkje på val
Vald-2017. Ole Johan Orstad - ikkje på val
Vald-2019. ingen innstilling - vald på årsmøtet

Utsendingar til Fylkesårsmøtet 14 og 15 februar 2020

Invitasjon skjer pr 300 stemmer ved  sist Stortingsval og pr 50 medlemmer ved sist årsskifte, det betyr at me er invitert med 5 kandidater frå Klepp Senterparti, men Klepp Senterparti sin gruppeleiar og styreleiar er automatisk ein del av delegatane. Det er medlemstalet ved siste årsskifte som tel, og fylket sender ut oppdatert utrekning på nyåret.

Forslag til vedtak: Styret får fullmakt til å oppnemna representantar frå Klepp Senterparti.

Kopi av signert revidert rekneskap

rev. regnskap