Det har lenge vore kjent at Venstre er motstandar av pelsdyrproduksjon. Høgre og Frp har  støtta denne næringa, saman med Sp og Krf. Stortinget vedtok seinast for eit år sidan at dette var ei næring det skulle satsast på i Noreg. No har altså Høgre og Frp snudd i denne saka, og med eit pennestrøk utsletta levebrødet til 400 norske bønder. Mange har investert fleire millionar i nye, moderne anlegg dei siste åra. Det er lett å forstå at frustrasjonen er stor blant pelsdyrprodusentane. Kven kan driva næring der ein ikkje anar framtidsutsiktene for arbeidsplassen sin?

Det kan ikkje vera betre at denne produksjonen blir flytta utanlands til land som har langt mindre fokus på dyrevelferd enn i Noreg. I tillegg får me heller ikkje nytta store mengder slakteriavfall som i dag går med til mat for pelsdyra.

Det er underleg at norske arbeidsplassar i distrikta betyr så lite for Høgre og Frp. Dette er eit svik av ei viktig og lønsam distriktsnæring.

 

Dagny Sunnanå Hausken, Sp.

Ordførar i Rennesøy