På topp og som vår ordførarkandidat har vi Paul Jacob Helgesen. Han er oppvaksen i Selje og no busett på Nordfjordeid, og kjenner difor til heile den nye kommunen. Han har fartstid frå kommunestyret i Selje (2003-2007) og fylkestinget i Sogn og Fjordane (2007-2011).  Han er no klar for den spanande oppgåva det vil bli å utvikle nye Stad kommune.


Andre kandidaten er Gunn Karin Sande som har vore fast medlem i kommunestyret i Selje frå 2007-2018, og varaordførar 2011-2015. Inneverande periode er ho på fylkestinget, sit i hovedutvalet for samferdsle.

På tredje plass har vi Betty Hessevik frå Bryggja, ho sit no i kommunestyret og formannskap i Vågsøy.

Fjerdeplassen går til Ståle Sandal, kommunestyrerepresentant, formannskapsmedlem og leiar i Eid Senterparti.

Stad blir ei langstrakt kommune med store avstandar. Senterpartiet si nominasjonsnemd for nye Stad kommune vil sikre ei god liste som har med kandidatar frå alle bygdelag. Vi har mange gode namn på lista, men vi er alltid interessert i å komme i kontakt med nye samfunnsengasjerte personar. Så om du vil vere med på laget for å jobbe for levande bygder og tenestetilbud der folk bur,  ta gjerne kontakt med nominasjonsnemda.

For meir info, kontakt Sidsel Otnes t: 90919201