Fylkestingsprogram 2015 – 2019

 

Senterpartiet sitt verdigrunnlag

 Senterpartiet vil at Noreg skal bygge framtida si på dei kristne og humanistiske verdiane, den nasjonale arven og eit levande folkestyre.

Målet for Senterpartiet sin politikk er å skape ein fellesskap av frie, sjølvstendige menneske, der rettferd, tryggleik og likeverd er berande prinsipp.

 Viktige grunnpilarar er difor:

  • Fridom for enkeltmennesket, med ansvar for seg sjølv og fellesskapet
  • Desentralisering av makt, kapital og busetnad
  • Privat eigendomsrett
  • Blandingsøkonomi
  • Eit samfunn i økologisk balanse, der førevar-prinsippet ligg til grunn
  • Kulturelt rotfeste
     

Hovudsaker

 Den fylkeskommunale økonomien vert ei stor utfordring i åra framover og vi står framfor store kutt på alle område.  Senterpartiet meiner statlege myndigheiter må endre fordelingsnøkkelen slik at Sogn og Fjordane og andre distriktsfylke framleis kan tilby gode tenestetilbod til innbyggarane. Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil halde fram og føre ein ansvarleg politikk og styre innafor dei rammer som fylkeskommunen til ei kvar tid har til rådvelde

 Våre hovudsatsingsområde:

Den vidaregåande skulen vil vere heilt sentral i kommande periode. Vi har i dag den beste skulen i landet, både på resultat og på gjennomføring, og det skal vi og ha i framtida. Skal vi klare det, må vi utvikle og forbetre skulen. Vi må i større grad tilpasse skulane til samfunnet og arbeidslivet rundt. Dette vil gje betre høve til kunnskapsutveksling begge vegar, og gjere det enklare for elevane å få læreplass.

 Senterpartiet meiner den overordna strukturen vi har er det beste utgangspunktet for dette, og vil halde på dei skulane vi har i komande periode.

 Å legge til rette for entreprenørskap og næringsutvikling i fylket har vore, og vil også i framtida vere, noko av det fylkeskommunen må vektlegge mest.  Attraktive arbeidsplassar innafor alle felt vil vere eit av dei viktigaste momenta for å få til auka tilflytting til fylket. 

 Senterpartiet vil styrke arbeidet med næringsutvikling. Å legge forholda til rette både for nyetableringar og vidareutvikling av eksisterande arbeidsliv, vil vere ei viktig sak for oss denne perioden.
 

Dei siste åra har sentraliseringa her i landet skote fart. Vi ser at stadig fleire  offentlege og private bedrifter, etatar og institusjonar vel å sentralisere sine aktivitetar.  Dette er ei utvikling Senterpartiet vil kjempe mot.

Ein desentralisert struktur er grunnleggande i vår ideologi. Å kunne gje innbyggarar og næringsliv eit mest mogleg likt tilbod over heile landet er viktig for Senterpartiet. For oss vil arbeidet med å oppretthalde det tenestetilbodet vi har i fylket i dag stå heilt sentralt. 

 Å kunne velje mellom både private og offentlege arbeidsplassar gjer sjansen for å få heile familiar til å flytte til Sogn og Fjordane mykje større.  Vi går inn for utflytting av statlege arbeidsplassar som vil gje nye kompetansearbeidsplassar til fylket vårt.

 

 Det gode liv i Sogn og Fjordane

 Senterpartiet går til val med slagordet «med hjarte for heile fylket».  Vi vil halde fram med å utvikle fylket til beste for våre innbyggarar.  Ei stemme til Senterpartiet vil vere ei stemme for å gjere fylket vårt til ein endå betre stad å vekse opp, bu, leve og drive næring i.  Senterpartiet satsar på ungdomen og vil arbeide for eit levande kulturliv. Vi meiner at desentralisering av makt er svært viktig for Sogn og Fjordane.  Senterpartiet er til å stole på i distriktspolitikken.

 

Utviklinga av trivselsfylket Sogn og Fjordane

 Senterpartiet har som overordna målsetting å auke folketalet. Vi vil skape meir vekst i alle

delar av fylket. For å nå dette målet må vi ha ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk som bygger opp under dei regionale og naturgjevne fortrinna vi har. Innbyggarane må ha tilgong til gode tenester innan rimeleg avstand. God infrastruktur er viktig for å legge til rette for gode butilbod og arbeidsliv.

 Senterpartiet vil ta vare på dei gode kvalitetane i trivselsfylket og legge til rette for at fylket framleis skal vere ein god plass å bu og å leve. Sogn og Fjordane skal framleis vere best i landet på levekår.

 Store sentraliserande reformer er sett i gang frå regjeringa.  For Sogn og Fjordane vil desse reformene endre store delar av samfunnsstrukturen vår slik vi kjenner han i dag og flytte makt og arbeidsplassar ut av fylket.  Reformer basert på lite anna enn ei tru på at større er betre, gangnar ikkje utviklinga i eit lite og desentralisert fylke som Sogn og Fjordane. Skal Sogn og Fjordane framleis vere eit av dei beste fylka i landet å bu med eit godt tenestetilbod, må makt og institusjonar vere lokalisert der folk bur.

 Bygdene og sentera er gjensidig avhengige av kvarandre. Sterke senter legg grunnlag for eitt breitt offentleg og privat tenestetilbod som og gjev urbane kvalitetar.  Bygdene skapar verdiar innanfor mange viktige næringar og gjev gode bu- og oppvekstvilkår. Sterke senter legg grunnlaget for desentralisering av makt, ressursar, næringsutvikling og utflytting av arbeidsplassar frå dei store byane i landet og til fylket.

 Arbeidsmarknaden vert stadig meir internasjonal. Norsk og utanlandsk arbeidskraft utfyller

kvarandre, der den utanlandske medverkar til auka og meir variert kompetanse.  Det må vere eit mål at dei som kjem hit for å arbeide vel å busetje seg her.  Det same gjeld for flyktningar og asylsøkarar som får opphald.

 

Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil legge til rette for bygdeutvikling ved å:

  • oppretthalde løyvingar til bygdeutviklingsprosjekt, kommunale næringsfond og kommunalt næringsarbeid.
  • prioritere midlar til næringsutvikling gjennom Innovasjon Noreg.
  • fremje Sogn og Fjordane sitt mangfald innan natur og kultur, samt auke satsinga på småskala- og opplevingsnæringar.
  • arbeide inn mot sentrale styresmakter for at ein prøver ut ”tverretatlege offentlege tenestekontor” på mindre stadar som har lang reisetid til desse tenestene.

 
Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil legge til rette for senterutvikling ved å:

  • styrke og målrette bruken av tettstadmidlane.
  • styrke store tettstadar som knutepunkt for folk som bur i dei ulike regionane.
  • utvide fleire felles bu- og arbeidsområde på tvers av kommunegrensene.
  • utvikle infrastrukturen mellom sentera og bygdene rundt.
  • arbeide for ei god spreiing av offentlege arbeidsplassar.
     

Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil gjere fylket meir attraktivt for tilflytting ved å:

  • aktivt arbeide for at fleire ungdomar flyttar hit gjennom mellom anna vidareutvikling av Framtidsfylket AS sitt arbeid med messer, marknadsføring og traineeordning.
  • halde kontakten med ungdomen som reiser ut og nytte dei som ambassadørar for fylket.
  • legge til rette for innvandrarar som ønskjer å skape eit nytt liv i Sogn og Fjordane.
  • legge til rette for ei styrka språkopplæring på nynorsk for framandspråklege i samarbeid medkommunane.
  • stimulere kunnskapsintensiv næringsutvikling.
  • vere med å styrke høgare utdanning, forskings- og utviklingsaktiviteten og sikre høgskulen i fylket.
     

Samferdsle

 Gode kommunikasjonar og godt utbygd infrastruktur er avgjerande for å sikre ei positiv utvikling i heile fylket. Ved å redusere avstandsulempene vil vi gjere Sogn og Fjordane til ein meir attraktiv stad å bu, og utvide det geografiske området som det er naturleg å rekruttere arbeidskraft frå. Vi vil framleis arbeide for å auke råmene til samferdsle i fylket.

 Vedlikehald og oppgradering av fylkesvegnettet er ei viktig oppgåve.  Det er endå mange uløyste vegprosjekt i fylket som må prioriterast i åra framover. Senterpartiet er positive til brukarfinansiering som eit supplement for å forsere vegutbygginga i fylket. Vi meiner ferjeavløysingsmidlar er eit verkemiddel for å erstatte ferje med bru og tunnel og regelverket må utformast slik at dette er mogleg.

 Altfor mange liv går tapt i trafikken, og samferdslepolitikken må bygge på visjonen om null drepne og null skadde (nullvisjonen). Senterpartiet vil prioritere trafikktryggingstiltak høgt.

 Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil:

  • halde fast på fylkestinget sine vedtekne prioriteringslister for vegbyggingsprosjekt og rassikringstiltak.  Det kan likevel vere aktuelt å drøfte andre prosjekt dersom desse vert finansiert utanom dei ordinære råmene, til dømes ved bompengefinansiering eller ferjeavløysingsmidlar.
  • bygge gang- og sykkelvegar.
  • bruke nedsett fartsgrense som trafikktryggingstiltak.
  • vidareutvikle ordninga ”Trygt heim”.
  • vidareføre ordninga med ungdomskort i fylket, og arbeide for å innføre eit ungdomskort som kan brukast på tvers av fylkesgrensene.
  • arbeide for at serviceskyss bli innført i alle kommunar i fylket.
  • sikre eksisterande lokale båt- og ferjeruter.
  • sikre og vidareutvikle snøggbåtruta mellom Sogn og Bergen.
  • arbeide for å auke frekvensen på sambandet Hella – Dragsvik – Vangsnes.
  • prioritere planarbeidet slik at prioriterte prosjekt er ferdig planlagde og klar til oppstart når det ligg føre midlar.
  • at unytta midlar på vegprosjekt som er sett i gong i hovudsak vert tilført neste prioriterte tiltak på lista.
     

Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil arbeide for:

  • at hovudgjennomfartsåra E39 gjennom fylket vert oppgradert med stamvegstandar i løpet av ein 10-års periode.
  • at det skal vere fire flyplassar i fylket.  Flytilbodet må verte betre.
  • realisering av Stad skipstunnel.
  • å opprette eit nasjonalt fylkesvegfond for å auke fylkesinvesteringane.  
  • betre vegsamband på kysten – “Kystvegen Bergen - Ålesund”. Det må sjåast på utradisjonelle finansieringsløysingar med bruk av ferjeavløysingsmidlar, brukarfinansiering, omstillingsmidlar/statlege tiltaksmidlar og statlege næringsstimuleringsmidlar.
  • at «sognefjellstunnellane» vert planlagt og innarbeidd i Nasjonal transportplan (NTP).
  • å realisere bygging av Nordfjordbrua mellom Lote og Anda med bruk av ferjeavløysingsmidlar og brukarfinansiering.
  • at kritiske strekningar på Rv 5 vert oppgradert i samband med at ny aust-vest-trase over Rv 52 over Hemsedalsfjellet er tilrådd av Statens Vegvesen.
  • å auke løyvingane til rassikring.
  • betre ferjetilbod.
  • at det vert etablert fleire ladestasjonar for el-bilar.
  • at prosjekta i Sogn og Fjordane i NTP kjem lenger fram på prioriteringslista og vert finansierte.
  • meir statlege midlar for å sikre god breibandsdekning i heile fylket
     

Næringsutvikling

 Næringsutvikling er den viktigaste føresetnaden for auka folketal, velferds- og samfunnsutvikling. Sogn og Fjordane har eit rikt næringsliv som i stor grad er basert på naturgjevne ressursar.

 Senterpartiet vil stimulere til initiativ og skaparlyst. Ei viktig oppgåve i næringspolitikken er å få sterkare framvekst av nye næringar, tenesteytande-, service- og kunnskapsintensive tilbod. Samtidig må ein sikre grunnlaget for eksisterande næringsliv og stimulere til knoppskyting og naudsynt omstilling. Gode idear og initiativ skal møta ei opa dør og velvilje i fylkeskommunen sitt næringsarbeid.

 Primærnæringane står sterkt og er viktige for matproduksjon, sysselsetting og busetnad i Sogn og Fjordane. Senterpartiet vil auke matproduksjonen. Det skal leggast til rette for dette gjennom auka satsing på fornying, tilpassa fylket sitt ressursgrunnlag og ungdom sin vilje til å satse.

 Mangfald av bruk og brukskombinasjonar i landbruket har forma og formar kulturlandskapet, og gjer dette fylket attraktivt for reiseliv, anna næring og kultur.

 Innan fiske og havbruk vil utfordringa vere å sikre gode rammevilkår og kapitaltilgang. Dette vil vere eit viktig bidrag for å utvikle næringane slik at ein held på mangfaldet og skaper nye arbeidsplassar.

 Antibiotikaresistens står fram som ein stadig større trussel mot dyr og menneske. Overforbruk i mange land dei siste åra har medverka til auka resistente bakteriar. Senterpartiet meiner sterkt avgrensa mengder er heilt vesentleg for trygg matproduksjon. Norske matprodusentar må også i framtida produsere mat med beskjeden bruk av antibiotika.

 

Sogn og Fjordane er eit viktig industrifylke og har godt utgangspunkt for kraftintensiv industri.  Industrien vil framleis vere viktig for å skape kompetansearbeidsplassar og få eit meir mangfaldig næringsliv i fylket.

 

Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil:

utvikle infrastruktur som legg eit godt grunnlag for næringsutvikling i heile fylket.
ta ansvar for å sikre gode og relevante utdanningstilbod med god kvalitet som dekker næringslivet sitt behov.
stimulere til vekst av service- og tenesteytande næringar slik at ein i større grad får dekka behovet i fylket.
arbeide for etablering av nye næringsklynger og vidare oppbygging av eksisterande slik at ein i større grad får dekka behovet i fylket.
arbeide for desentralisering av statlege arbeidsplassar til fylket.
 

 Fylkeskommunen som regional utviklingsaktør

 Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil at fylkeskommunen skal:

  • fortsatt ha ein sentral rolle i regional utvikling.
  • vere aktiv pådrivar for betre råmevilkår for næringslivet og nye etableringar.
  • vere ein sentral partnar for dei med gode idear, og støtte næringsutviklingsarbeidet økonomisk.
  • bruke Innovasjon Norge aktivt i bedriftsretta næringsutvikling og hjelpe fram gode idear i ein tidleg fase.
  • sikre kapitalbase for etablerarar som til dømes gjennom såkornordningar.
  • vere ein aktiv og strategisk eigar.

Viktige føremål i eigarskapspolitikken vil vere:

  • verdiskaping med utgangspunkt i berekraftig bruk av naturressursar.
  • ta regionalpolitiske omsyn – utviklingsoppgåver.
  • utvikling av kompetansemiljø.
  • medverke til at Sogn og Fjordane skal bli best i landet for gründerar.
     

Ungdom og næring

 Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil:

  • at skulen i Sogn og Fjordane skal vere best på entreprenørskap.
  • bruke ungdomsbedrift aktivt som undervisningsform i den vidaregåande skulen.
  • vidareføre samarbeidet med Ungt Entreprenørskap.
  • legge tilhøva betre til rette for ungdom som ynskjer å etablere eiga næring gjennom kapitaltilgang, infrastruktur og kompetansebygging.
  • arbeide for å innføre ei mentorordning mellom bedriftene og dei vidaregåande skulane.
     

Havbruk og fiskeri

 Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil:

  • utvikle havbruksnæringa ved finne gode lokalitetar gjennom arealplanlegging.
  • stimulere til oppdrett av nye artar.
  • sikre rekruttering og kompetanse til fiskeri- og havbruksnæringa gjennom å tilb god utdanning.
  • ha ei berekraftig utvikling av havbruksnæringa som motverkar rømming og sjukdomsspreiing.  Dette vil vere viktig for å sikre villaksen.
  • stimulere til lokal vidareforedling av råvarer og auka omsetning av kortreist sjømat.
  • arbeide for flåtefornying og utvikling av lokal fiskeindustri.
     

Landbruk

Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil:

  • ha auka lønsemd samt betre og meir stabile rammevilkår både for samdrifter og einskildbruk.
  • at landbruket skal sikre næringsmiddelindustrien tilgang på nok og gode råvarer.
  • sikre og vidareutvikle landbruksutdanninga.
  • stimulere til rekruttering og kompetanseutvikling i landbruket gjennom breitt
  • samarbeid mellom faglaga og det offentlege.
  • utvikle lokale marknadar for mat, og stimulere merkevarebygging på lokale produkt.
  • legge til rette for tilleggsnæringar bygd på landbruket sine ressursar som til dømes bioenergi, kraftproduksjon og grøn omsorg.
  • legge forholda til rette for auka uttak av skog og verdiskaping knytt til skognæringa.
     

Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil arbeide for:

  • sikre ei betre rovdyrforvaltning for å unngå tap av beitedyr. Uttak av skadedyr skal skje raskt.
  • å auke tilgangen på tilskots- og investeringsmidlar til bygdeutvikling og næringsutvikling i landbruket.
  • at alle mjølkebruk som ynskjer det skal få betre og meir ordna arbeidsforhold ved å utnytte den tekniske utviklinga i mjølkeproduksjonen.
  • å legge til rette for større grad av utmarksbeiting.
     

Industriutvikling

 Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil:

  • arbeide for ei berekraftig industriutvikling. 
  • legge til rette for utdanningstilbod som sikrar at industrien har tilgang på kompetent arbeidskraft.
  • arbeide for vidare utvikling på Lutelandet.
  • arbeide for utbygging av Engebøfeltet under føresetnad av at dei miljømessige konsekvensane er innafor eit akseptabelt nivå.
  • legge til rette for kraftkrevjande industri på dei tradisjonelle industristadane (Høyanger, Årdal og Svelgen), og stimulere til knoppskyting ut frå eksisterande bedrifter.
  • støtte arbeidet for fleire arbeidsplassar i fylket knytt til petroleumsnæringa.

 
Forsking og utvikling

 Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil:

  • arbeide for at Høgskulen i Sogn og Fjordane skal bestå som eiga eining og ha eit godt og framtidsretta tilbod i fylket tilpassa fylket sine behov.
  • halde fram og vidareutvikle samarbeidet mellom Høgskulen, Vestlandsforsking og fylkeskommunen.
  • arbeide for at dei regionale forskingsfonda vert nytta aktivt til forsking og utvikling (FoU) i fylket innanfor landbruk, reiseliv, marin sektor og energi.
     

Reiseliv

 Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil:

  • styrke marknadsføringa av heile fylket som reisemål.
  • arbeide for eit berekraftig reiseliv.
  • at gode transporttilbod og ruteopplegg skal understøtte reiselivet.
  • leggje til rette for opplevingsturisme gjennom heile året.
  • styrke satsinga på produktutvikling i samarbeid med destinasjonsselskapa.
     

Kultur og idrett

 Kultur er ein viktig trivselsfaktor og gjer lokalsamfunna attraktive for tilflytting. Senterpartiet vil arbeide for at Sogn og Fjordane framleis skal vere eit av dei beste kulturfylka i landet. Det skal vere ein kombinasjon av profesjonell kultur og kulturopplevingar ein får gjennom friviljug arbeid. Alle, uavhengig av geografi eller sosiale skiljelinjer, skal få tilgang til kunst- og kulturopplevingar.

 Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil:

  • styrke friviljug arbeid mellom anna ved å oppretthalde tilskotsordningane til lag og organisasjonar.
  • legge til rette for kulturformidling gjennom stønad til ulike kulturarrangement og regionale kulturhus.
  • oppretthalde Ungdommens kulturmønstring, den kulturelle skulesekken og den kulturelle spaserstokken.
  • utvikle næringsliv med utgangspunkt i kulturaktivitetar.
  • fremje fysisk aktivitet mellom anna gjennom opprusting av idretts- og fritidsanlegg, og økonomisk støtte til idrettsorganisasjonar og arbeide for å redusere etterslepet av spelemidlar.
  • arbeide for å sikre viktige kulturminne og støtte arbeid med å få prosjekt inn på UNESCO si verdsarvliste.
  • arbeide for å redusere sakshandsamingstida i samband med arkeologiske utgravingar og at staten skal dekke kostnadane.
  • hegne om nynorsken som det lokale språket i Sogn og Fjordane og stø opp om Nynorskfylket.no som ein viktig fylkesinstitusjon.
     

Opplæring

 Eit godt desentralisert utdanningstilbod er ei av dei viktigaste framtidsretta investeringane vi kan gjere. Dette vil vere med å skape gode oppveksttilhøve, gje arbeidslivet den kompetansen dei treng og utvikle lokalsamfunna. Skulane er viktige kunnskaps- og kompetansesenter, dei skal vere regionale utviklingsaktørar og dei må fylle fleire behov i framtida. Det er viktig at ungdom får eit breitt utdanningstilbod i nærleiken av der dei bur. Senterpartiet vil sette eleven i sentrum. Samarbeidet mellom skular og bruk av den beste teknologien for fjernundervisning vert viktig for å gje eit breiast mogleg tilbod til elevane.

 Fråfall i skulen er eit alvorleg problem, og arbeidet for å forhindre dette er grunnleggande for at ungdom skal lukkast. Senterpartiet vil legge større vekt på praktiske ferdigheiter i dei yrkesretta studieretningane og ha samarbeid med bedriftene allereie frå VG1.

 Den vidaregåande skulen som regional utviklar

 Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil:

  • ha særleg fokus på innhaldet i skulen og vidareutvikle tilbodet i tråd med næringslivet og samfunnet sine behov.
  • ha ein desentralisert struktur i den vidaregåande skulen.
  • sjå på ulike former for regionalt samarbeid i vidaregåande opplæring.
  • styrke rolla til dei vidaregåande skulane knytt til kursaktivitet, etterutdanning og kvalifisering for å møte nye kompetansekrav i samfunnet.
  • legge til rette for sterkare entreprenørskapsarbeid og styrke kompetanseutviklingsarbeidet.
  • støtte opp om dei landslinjene vi har i dag.
  • arbeide for å vidareutvikle fagskuletilbodet i fylket.
  • arbeide for gode IKT-løysingar i skulen, og auke undervisningspersonellet sin kompetanse på området.
  • vidareføre Hordalandsavtalen.
  • arbeide for å oppretthalde spesielle utdanningslinjer, som naturbruk og naturbruk hesteretta, i fylket. 
     

Betre oppfølging av elevane

 Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil:

  • arbeide for at flest mogleg kan velje å bu heime medan dei tek vidaregåande opplæring.
  • legge til rette for eit godt skuleskysstilbod.
  • styrke rådgjevingstenesta på skulane, med særleg fokus på overgangen mellom grunnskule og vidaregåande skule, slik at elevane vert tryggare på vala sine.
  • stimulere til eit tett samarbeid mellom vidaregåande skular og vertskommunane for oppfølging av hybelbuarane, gjennom til dømes open skule og miljøarbeidarar ved skulane.
  • styrke samarbeidet mellom heim, skule og friviljuge organisasjonar.
     

Lærlingar

 Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil:

  • arbeide for at tilskotet til lærebedrifter vert auka.
  • ha fleire læreplassar i fylket.
  • at fylkeskommunen skal vere aktiv overfor lærlingar, lokalt arbeidsliv og skulane for å formidle kunnskap om læreplassar i fylket.  Det er viktig å gje tidleg informasjon til ungdom om tilgang til læreplassar i fylket.
  • at fylkeskommunen skal legge til rette for læreplassar innanfor eigen organisasjon.
  • sikre god informasjon om lokalt arbeidsliv, og vidareutvikle samarbeidet mellom skulane og arbeidslivet.
  • legge til rette for bedriftssamarbeid ved mottak av lærlingar.
     

Energi og miljø

 Sogn og Fjordane er av dei rikaste fylka i Noreg på fornybar energi. Vi har store vasskraftressursar, ei kyststripe med mykje vind, nedbør og eit innland med grøne, frodige skogslier, som samla gjev eit stort potensial for produksjon av fornybar energi.

 Senterpartiet vil vere ein garantist for å sikre kraftverdiane og energipotensialet, lokalt eigarskap og utvikle kompetanse. Vi vil legge til rette for ei miljøtilpassa utbygging og sikre fylket eit godt og føremålstenleg linjenett. Senterpartiet meiner ei satsing på fornybar energi er det viktigaste tiltaket mot klimautfordringane.

 Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil:

  • arbeide for at fylkeskommunen skal vere ein aktiv eigar og utviklar av Sogn og Fjordane energi (SFE) og oppretthalde den fylkeskommunale eigarskapen.
  • arbeide for størst mogleg lokalt eigarskap i energiverka for å sikre verdiskaping og arbeidsplassar der ressursane er.
  • nytte fylkesdelplanane for vasskraft og vindkraft som grunnlag for fylket si framtidige satsing på fornybar energi.
  • vere pådrivarar for utbygging av små og mellomstore vasskraftverk.sikre viktige miljøverdiar og miljømessig god arealbruk ved nye utbyggingar av fornybar energi.
  • kartlegge potensialet og vere ein pådrivar for utvikling og bruk av bioenergi, varmepumpeanlegg og fjordvarme og vurdere dette i fylkeskommunale bygg.
  • ha eit linjenett i fylket som sikrar innmating av ny fornybar energi og god leveringstryggleik.
  • arbeide for ei tariffordning på regionalnettet som stimulerar til å etablere forbruk i område med overskot av kraftproduksjon.

 Med heimel i EU sitt vassrammedirektiv skal det utarbeidast ein regional vassforvaltningsplan for Sogn og Fjordane som grunnlag for ei heilskapleg forvaltning av vassressursane i fylket. Senterpartiet meiner at miljøtiltak må grunngjevast ut i frå ei kost-nyttevurdering samt at ein må ivareta rett balanse mellom bruk og vern av vassdraga i Sogn og Fjordane.

 

Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil arbeide for:

  • å redusere sakshandsamingstida for vasskraftkonsesjonar.
  • eit lokalt og grunneigarstyrt eigarskap til kraftfallrettar, der verdiskapinga av vasskraftutbygging kjem lokalsamfunna til gode.
  • arbeide for rullering av «samla plan for vassdrag».
  • at det vert lik nettleige over heile landet.
  • arbeide for at staten ikkje sel ut meir ressursar som kan nyttast til å produsere energi i ulike former.
     

Helse

 Sogn og Fjordane har dei beste levekåra i landet og vi skårar høgt på helsestatistikkar, noko som Senterpartiet meiner fylket også skal gjere i framtida.  Førebygging for folk i alle aldrar er viktig for god livskvalitet. Stabile familietilhøve, trygge og gode lokalsamfunn er grunnleggjande for god helse.

 Tannhelse

Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil:

  • at innbyggarane i Sogn og Fjordane skal ha tilgang på ei god offentleg tannhelseteneste.
  • ha eit aktivt førebyggande tannhelsearbeid.
  • ha ei aktiv rekruttering av tannlegar og anna tannhelsepersonell.
     

Folkehelse

Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil:

  • ha eit tett samarbeid med friviljuge lag og organisasjonar i det førebyggande helsearbeidet.
  • ha tilgang på reint vatn og stille krav om sunn mat i kantinene på skulane.bruke dei vidaregåande skulane aktivt i kampanjar som omhandlar rus, mobbing og psykisk helse.
  • prioritere opp ressursane til helsesøster på dei vidaregåande skulane i samarbeid med vertskommunane.
  • ha fokus på folkehelsearbeidet og arbeide for at alle kommunar skal ha folkehelsekoordinator.
     

Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil arbeide for:

  • at innbyggjarane i Sogn og Fjordane får eit best mogleg helsetilbod som gjev rask, sikker og god hjelp når dette trengst. Alle skal ha lik rett til likeverdige helsetenester uansett kvar ein bur.
  • at staten fylgjer opp samhandlingsreforma med økonomiske midlar.
  • ei god og hensiktsmessig arbeidsdeling og spesialisering mellom ulike nivå i helsetilbodet.
  • at ambulansetenesta vert styrka både kompetansemessig og beredskapsmessig, slik at alle delar av fylket kan nåast innanfor forsvarleg responstid.
  • å betre tilbodet til pasientar med psykiske lidingar.
  • at det vert arbeidd målretta med kompetansebygging og rekruttering for å imøtekome framtidige utfordringar. Den faglege kvaliteten på sjukehusa må ikkje svekkast.
  • at ein gjennom den statlege finansieringa sikrar eit godt helsetilbod til innbyggjarane i Sogn og Fjordane.
     

Beredskap etter fylkesmodell

 Å sikre tryggleik og beredskap for folk og dyr, infrastruktur, arbeidsliv og andre samfunnsinteresser er ei prioritert oppgåve for Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Vi meiner den beste måten å organisere dette på i framtida er etter ein fylkesmodell der politi, alarmsentral og AMK saman med andre beredskapsorganisasjonar har sitt primære operasjonsområde innafor fylket sine grenser. God lokalkunnskap og rask responstid er livreddande og ein fylkesmodell vil vere den beste organiseringar for å sikre dette. 

 Samhandling mellom naudetatane, friviljuge organisasjonar, sivile og offentlege aktørar har fleire gongar synt seg å vere avgjerande ved ulike hendingar her i fylket.  Senterpartiet vil arbeide for å vidareutvikle dette samarbeidet og meiner Fylkesmannen si beredskapsavdeling skal spele ei sentral og koordinerande rolle i dette arbeidet.

 Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil arbeide for:

  • at blålysetatane brann, helse og politi har ein struktur som er slik at alle delar av fylket kan nåast innafor ei akseptabel responstid.
  • at Sogn og Fjordane Politidistrikt skal bestå som eige distrikt og framleis vere samlokalisert med Alarmsentralen i Florø.
  • at AMK-sentralen vert verande i Førde.
  • at 330-skvadronen i Florø vert styrka.
  • at friviljuge organisasjonar som Røde Kors og Redningsselskapet får moglegheit til å bygge kompetanse og beredskap på sine område.
     

Nasjonal politikk

 Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil arbeide aktivt inn mot sentrale styresmakter, storting og regjering, i både små og store saker som er viktige for fylket vårt. Vi vil saman med tillits- og folkevalde i Senterpartiet påverke mest mogleg for å få ei samfunnsutvikling som kjem vårt fylke til gode.

 Nokre av dei sakene som Sogn og Fjordane Senterparti vil arbeide for er:

  • sikre eit framleis NEI til EU og arbeide for at EØS-avtala vert sagt opp. Det må arbeidast for nye og betre internasjonale handelsavtalar, med opne prosessar.
  • arbeide for å stanse forhandlingane kjent som TTIP og TISA.
  • å sikre eigarskap og nasjonal kontroll over naturressursar.
  • å vidareføre lokal avgjerdsmakt i spørsmål om endring av kommunestrukturen.
  • at eventuelle endringar i kommunestrukturen skal baserast på friviljugheit og at det framleis skal vere tre forvaltningsnivå.  
  • at fleire oppgåver vert desentralisert til kommune og fylkesnivå.
  • ein kommuneøkonomi som gjev rom for å oppretthalde eit godt tenestetilbod i kommunane og fylkeskommunen, og som tek omsyn til spreidd busetnad og geografiske utfordringar.
  • å redusere kommunane si rapportering til statlege myndigheiter.
  • at næringslivet får gode og stabile rammevilkår og at byråkratiet vert redusert.
  • at det vert gode ordningar for tilskots- og investeringsmidlar til bygdeutvikling og næringsutvikling innan landbruk og fiske.
  • at det vert leveringsplikt på breiband av lik kvalitet i heile landet.
  • å sikre at statlege etatar er til stade i fylket med sine tenester og flytte ut statlege arbeidsplassar slik at Sogn og Fjordane også får fleire slike.  
  • at distrikts- og regionalpolitikken underbyggjer målet om busetnad og utvikling i heile landet.