«Vi har hatt ein god prosess for å komme fram til programutkastet. Litt utanom det vanlege hadde vi også ein dag på senteret på Nordfjordeid der vi hadde ei postkasse folk kunne levere innspel. Det var spesielt populært blant dei mange unge som brukar senteret som ein samlingsplass. Dei var flittige å levere forslag, som ein faktisk kan finne igjen i det vedtatte programmet».

 

Programforslaget har vore på høyring hos medlemmane, og mange engasjerte medlemmar både på lista og i partiet har bidratt. No gler vi oss til å møte innbyggjarane og presentere vår politikk.