Meny

Kommuneprogram 2015-2019

Her er kommuneprogrammet 2015-2019

 Kviteseid Senterparti- Program 2015-2019

Kviteseid skal vere ein god stad å bu for alle i alle delar av kommunen. Kviteseid Senterparti er oppteke av å ha gode nærmiljø som den viktige faktoren dette er for trivnad, identitet og band til der ein bur.

Kviteseid Senterparti vil leggje til rette for eit variert og levande næringsliv. Lokalt landbruk i små- og storskala, skogbruk, turisme, handel, all eksisterande næring samt nye etableringar i hele kommunen.

Kviteseid Senterparti vil arbeide for at Kviteseid kommune vert styrt slik at ein beheld handlefridomen via god økonomistyring.

Kviteseid Senterparti vil arbeide for at det eksisterande samarbeid på tvers av kommunegrensene blir enda betre enn i dag.

Næringsliv:

Kviteseid Senterpartiet vil jobbe for å oppretthalde eksisterande næringsliv. Det skal det legges til rette for etablering av ny næring og nye investeringar.

Vi vil jobbe for å utvikle og bevare:

-         areal til næringstomter

-         arbeidsplassar

-         SIVA næringshage

-         Turisme, smått som stort

-         Jobbe for fiber til hele kommunen

-         fleire lærlingplasser innen pleie og omsorg

-          

 

Landbruk/utmark/kulturlandskap/bustad:

Vi skal jobbe for eit aktivt landbruk med produksjon av rein/ trygg mat, dyr på beite og aktivt skogbruk. Dette er den beste måten å utnytte fornybare ressursar på den enkelte eigendomen og hindre gjengroing av kulturlandskapet.

Vi vil:

-         Oppretthalde bu og driveplikt i kommunen

-         Jobbe for at bolighus ikkje blir omgjort til/nytta til fritidsbustader.

-         All dyrka mark så langt som råd vert nytta til landbruksforemål.

-         Jobbe for attraktive bustadtomter i heile kommunen

Samferdsel:

Kviteseid Senterpartiet vil halde fram arbeidet med å framsnakke nåverande trasee E134 og Rv41 som hovedferdselsårer.  Desse er viktige ved at E134 er hovedfartsåre mellom aust og vest medan Rv 41 er hovedinnfartsåre for reiseliv og næringstransport fra utlandet og agderfylkene.

I tillegg vil vi jobbe for:

-         Kviteseidkrysset

-         Gang og sykkelveg frå Kvitsund til Kviteseid

-         Gang og sykkelveg frå Straand Hotel til Stallane byggefelt/Vrådal Hyttegrend

-         Opprustning i sentrum Morgedal

-         Fast dekke på utvalgte kommunale vegar

 

Oppvekst og miljø:

Kviteseid Senterparti vil jobbe for eit godt skule- og oppvekstmiljø. Idrett, kultur og friluftsliv er viktige for trivsel i lokalsamfunnet.

Vi vil jobbe for:

-         Løpande vedlikehold av kommunal bygningsmasse

-         Opprusting av skulane inn på investeringsbudsjettet

-         Halde på skulestrukturen som er i dag

-         Finne betre løysingar for barnehage i Kviteseid

-         Fortsatt gratis bruk av Kviteseid hallen

-         Opprettholde tilbudet i kulturskolenOpprettholde og utvikle møteplassar for ungdom/ aktivitet for ungdom på fritid.

 

 

Helse og omsorg:

Kviteseid kommune skal vera ein trygg og god kommune å bu i uansett alder, funksjonsnivå og livssituasjon.

Vi vil jobbe for å:

-         Opprettholde legekontoret og helsesenter slik det er i dag

-         Beholde kommunalt kjøkken på KOS

-         Forebyggande helsearbeid?

 

Miljø og klima:

-         Stimulere til ENØK tiltak i alle kommunale bygg

-         Oppmuntre til økt bruk av sykkel ved satsning på gang og sykkelveg