Meny

Kommuneprogram 2015-2019

Her er kommuneprogrammet for 2015-2019

KOMMUNEVALPROGRAM SELJORD SP 2015-2019
Program 2015 – 2019

SELJORD SENTERPARTI


Vårt Seljord

Seljord Senterparti vil vidareutvikle Seljord som ein grøn, nyskapande og attraktiv kommune, som nyttar lokalt særpreg, engasjement og lokale ressursar til å trekkje til seg nytt næringsliv og nye innbyggjarar.

I Seljord går næringsutvikling, landbruk, reiseliv, kultur og handel hand i hand. Bygda har stolte landbrukstradisjonar og eit rikt kulturliv som kombinert med gründerånd, ståpåvilje, og “teft” har gitt bygda ein unik posisjon og mange arbeidsplassar innan ulike bransjar. Vi skal bygge på dette gode fundamentet slik at fleire kan bu, arbeide og leve det gode liv i Seljord.

Vi ynskjer at tilboda innan skule og oppvekst skal vere så lokale som råd for å ivareta nærleik og god kvalitet. Gode tilbod er viktige for trivsel, læring og identitet. Skule og barnehage er ein arena både for leik og læring, og som viktig møteplass for lokalsamfunnet.

Seljord må ta miljø- og klimautfordringane på alvor, og sin del av ansvaret for å redusere utslepp og forbruk. Senterpartiet er det praktiske og jordnære miljøpartiet, som trur på vern gjennom berekraftig bruk. Seljord Senterparti vil gjere Seljord til ein grøn føregangskommune!

Seljord Senterparti er bekymra for den aukande sentraliseringa i samfunnet. Med noverande regjering har sentraliseringa skote fart, og det lokale folkestyret tapar. Vi vil ha utvikling i heile landet, ikkje berre i byar og sentrale strøk. Seljord Sp vil slå ring rundt lokale institusjonar i bygdene våre!

Seljord Senterparti meiner at Seljord klarer seg godt som eigen kommune, og vi ynskjer å styrke samarbeidet i Vest-Telemark. Ei eventuell kommunesamanslåing må innebere ein tydelig gevinst når det kjem til økonomi, makt og oppgåver, og skal berre skje dersom eit fleirtal av innbyggjarane ønskjer det.

Seljord Senterparti vil arbeide aktivt for at kommunane får betre økonomiske rammer til å gje gode tenester til sine innbyggjarar.

 

Seljord inn i framtida

Seljord Senterparti vil:

arbeide for at Seljord er ein eigen kommune òg i framtida
styrke det interkommunale samarbeidet i Vest-Telemark.
at Seljord skal vere ein god og raus samarbeidspart i lag med dei andre kommunane i Telemark
at Seljord kommune skal vere ein aktiv og engasjert medeigar i interkommunale selskap og andre selskap kommunen har eigedelar i
ha eit meir levande og ope lokaldemokrati, der fleire vert engasjert i utviklinga av kommunen
innføre to politiske hovudutval: hovudutval for omsorg, kultur og oppvekst, og hovudutval for plan, næring og utvikling
medverke til at Seljord ungdomsråd er eit viktig talerør for born og unge
 

Gode tenester nær folk

Seljord Senterparti vil:

at Seljord kommune skal vere ein ja - kommune, med god service, kort sakshandsamingstid og dialog med innbyggjarane
sikre god pedagogtettleik i barnehage, skule og SFO
gje alle born barnehageplass når dei fyller 1 år (rullerande opptak), og arbeide for at staten skal finansiere dette.
ha fleksible opningstider i barnehage og SFO
sikre alle born barnehageplass i næraste barnehage, og at søsken får plass i same barnehage
at Seljordsskulen skal legge vekt på praktiske fag, og tilby arbeidslivsfag og entreprenørskap
ha eit godt SFO-tilbod i Seljord og Flatdal
jobbe for å innføre skulemåltid og ein time fysisk aktivitet i skulen kvar dag
ruste opp Flatdal skule slik at skulen har kapasitet og standard til å ta i mot auka elevmasse. Det er viktig at planlegging og gjennomføring av bygging vert gjort med tanke på auka behov for lokale i Flatdal barnehage.
ha fokus på bygdemålet, nynorsk skriftspråk og lokale segn, soger og songar i barnehage og skule
arbeide for fleire studietilbod ved Vest-Telemark vidaregåande skule, avdeling Seljord
sikre skulehelsetenesta både i grunnskulen og vidaregåande opplæring
ha ei god og alderstilpassa seksualundervisning, med fokus på grensesetting og respekt.
arbeide aktivt mot all form for mobbing, trakassering og forskjellsbehandling
sikre at tenestene innan helse og omsorg blir tilpassa den enkelte brukar
ha gode heimetenester så folk kan bu heime lengst mogeleg
kjempe for at det blir oppretta ei base for luftambulanse i Vest-Telemark
arbeide for eit sterkt og velfungerande Distriktspsykiatrisk Senter (DPS) i Seljord
 

Eit grønare Seljord

Seljord Senterparti vil:

sikre at Seljord kommune har ein ambisiøs klima- og energiplan, med konkrete mål for redusert energiforbruk og CO2-utslepp
innføre ei innsamlingsboks for spesialavfall
jobbe for fleire hurtigladestasjonar for elbil
lære unge gode vanar for kildesortering gjennom årlege opplegg i skule og barnehage
innføre ei støtteordning for solenergi
arbeide for å gjere festivalane i Seljord til dei mest miljøvenlege
jobbe for ordningar som sikrar Telemarkskua som rase
styrke vernet av dyrka mark
redusere attgroinga av kulturlandskapet i Seljord, gjennom å utarbeide beiteplanar for å få fleire dyr på beite
legge til rette for betre utnytting av skogressursane
ha ein kampanje for rydding av krattskog langs veg og attgrodde teigar i viktig kulturlandskap
arbeide for løyper for regulert scooterkøyring, og spele på lag med grunneigarar som ynskjer å nytte fleire scooterar på same løyve.
føre ein rovdyrpolitikk som gjev framtidstru for bønder og beitande dyr
jobbe for mindre kasting av mat
ha ein aksjon for å rydde ting som forsøplar og forureinar lokalmiljøet
sikre betra regulering av Seljordsvatnet for å unngå flaumskader
 

Arbeidsplassar nær folk

Seljord Senterparti vil:

ha godt samarbeid med næringslivet i Seljord, og legge til rette for vekst i eksisterande verksemder
støtte etablering av næringshage i Seljord og næringspark på Århus
arbeide for etablering av fleire kompetansearbeidsplassar i kommunen
ha byggeklare næringstomter og ledig næringsareal i heile kommunen, for å kunne ta imot bedrifter som ynskjer å etablere seg
styrke Seljord som merkevare, festivalbygd og reiselivsdestinasjon
ha ein god og tilgjengeleg turistinformasjon
samarbeide tett med Dyrskun som ein viktig motor for næringsutvikling
satse på Brøløs! Vi vil legge til rette for ei god blanding av bustadar for ulike aldersgrupper, næringsaktivitet, handel og kaféar. Det må vere liv og aktivitet i sentrum heile året
ha kortast sakshandsamingstid i Vest-Telemark på næringssaker
kjempe for å behalde Mattilsynet på Dyrskuplassen
jobbe for meir midlar til kommunale næringsfond
arbeide for fleire arbeidsplassar innan kulturbasert og naturbasert næring, basert på allereie eksisterande næringsmiljø innan reiseliv, kultur og landbruk
at meir jordbruksareal skal haldast i hevd og takast i bruk til matproduksjon
gje tilskot til grøfting og nydyrking
satse meir på lokalprodusert og kortreist mat
styrke samarbeidet med faglaga i landbruket og sikre det faglege miljøet på landbrukskontoret
vere ein aktiv samarbeidspart for Seljord Folkehøgskule
 

Gode bumiljø

Seljord Senterparti vil:

ha byggeklare tomter i heile kommunen
samarbeide med utbyggjarar for å få bygd fleire rimelege boligar til både utleige og eige, spesielt med tanke på ungdom og førstegongsetablerarar
samarbeide med Husbanken, utbyggjarar og andre aktørar for få etablert prøveboligar i heile kommunen
arbeide for at fleire nedlagte småbruk i kommunen får ljos i glasa
 

Kommunikasjon og samferdsel

Seljord Senterparti vil:

ruste opp rv. 36 og sikre oppgradering av E134 som hovudfartsåre mellom aust og vest
sikre og utvikle det gode busstilbodet til og frå Seljord
bygge ut fleire gang- og sykkelvegar, bl.a. gjennom Nordbygdi, mellom Århus og Lakshøl og mellom Flatdal sentrum og Sundbøgrenda
styrke vedlikehaldet av kommunale vegar
arbeide for auka løyvingar til fylkesvegane
etablere ein spektakulær turistveg på gamle E134 Flatdal - Hjartdal, i tett samarbeid med næringsaktørane langs vegen
bevare den gamle steinbrua i Dyrlandsdalen og syte for at ny bru ikkje blir skjemmande for den gamle
støtte arbeidet med høgfartsbane over Haukeli
støtte arbeidet med å utvikle flyplassen på Notodden til regional lufthamn
jobbe for fleire tog på Sørlandsbanen.
arbeide for god breibands- og mobildekning i heile kommunen
 

Eit levande, trygt og inkluderande lokalsamfunn

Seljord Senterparti vil:

at Seljord kommune skal vere ein god samarbeidspartnar og pådrivar for at kulturlivet skal blomstre og ha ei framtid
auke tilskota til lokale lag og foreiningar
at idrett, friluftsliv og folkehelse skal ha høg prioritet, både i planverk og tiltak
gje born og føresette god kunnskap om folkehelse og risikofaktorar, som kosthald og fysisk aktivitet
jobbe målretta og førebyggjande med rus og psykiatri, spesielt i skulen
flytte biblioteket til Granvin
utgreie bygging av symjehall i tilknyting til Granvin/Sterke-Nils
styrke Granvin som regionalt kulturhus
satse vidare på den gode kulturskulen vår
legge tilhøva til rette for ei levande folkekyrkje og lokalt menighetsliv
ha eit godt samarbeid med Frivilligsentralen
ha gode fritidstilbod òg for uorganisert ungdom (fritidsklubb m.v.)
bevare søndagen som ein dag for familie og fritid, og seie nei til søndagsope butikkar
jobbe for å halde oppe lensmannskontoret i Seljord
skape gode og trygge ungdomsmiljø gjennom at kommunen, lensmann, skule og foreldre jobbar tett saman
sikre at alle tilflyttarar blir tekne imot på ein god og inkluderande måte
at Seljord skal ta i mot flyktningar i åra som kjem, og arbeide for rask og god integrering
 

Eit godt arbeidsliv for alle

Seljord Senterparti vil:

at Seljord kommune skal vere ein god arbeidsgjevar, og vi vil spele på lag med dei tilsette og innbyggjarane for å utvikle tenestene i kommunen
gå i mot privatisering og konkurranseutsetting av grunnleggjande kommunale tenester
arbeide for at alle som ynskjer å arbeide fulltid i kommunen får det
at tilsette i kommunen skal få tilbod om relevant etter- og vidareutdanning
ha minst mogeleg bruk av midlertidige tilsetjingar
ha fokus på omdømmebygging, framsnakking og trivsel på arbeidsplassen
hindre svart arbeid og sosial dumping ved å syte for at bedrifter som inngår kontraktar med Seljord kommune held seg til arbeidsmiljøloven og gjeldande regelverk, og avgrense talet på underleverandørar
at kommunen, der det er naturleg, skal stille krav om lærlingar i bedrifter ein inngår avtalar med
at Seljord kommune skal ta inn minimum 2 lærlingar per 1000 innbyggjarar
arbeide for at næringslivet i Seljord tek inn fleire lærlingar