Meny
Frå venstre;  Natalia Golis (MDG), Trude Brosvik (KrF), Arve Helle (Ap), Marthe Hammer (SV), Geir Kjell Andersland (V), Sigrid Brattabø Handegard (Sp) og Jon Askeland (Sp – fylkesordførar).

10 millionar ekstra til lausdriftsfjøs

Samarbeidspartia i Vestland fylkeskommune (Sp, Ap, MDG, SV, KrF og V) fekk i fylkesutvalet i dag fleirtal for å løyve 10 mill. ekstra til ombygging frå båsfjøs til lausdriftsfjøs. 

-Eg er glad me kan bidra til at fleire i Vestland kjem i gong med ombygging til lausdrift i 2022!  Det er viktig for mattryggleik, kulturlandskap busetjing og arbeidsplassar seier gruppeleiar for Sp, Sigrid Brattabø Handegard.  -Gjennom årets jordbruksoppgjer fekk ein på  plass ei heilt naudsynt satsing på auka investeringsstøtte frå 2023.  Me ynskjer med denne ekstra løyvinga frå fylkeskommunen å bidra til at flest mogeleg søkjer og kjem i gang med bygging også i 2022.  -Me har hatt ein god prosess på dette i samarbeidspartia og er samde om denne satsinga.

Brattabø Handegard viser til det framleis er 70% båsfjøs i Vestland og ekstra midlar derfor er heilt avgjerande for å nå målsettinga om ombygging til lausdrift.  -Mange bønder vurdera no om dei skal gå for ombygging.  Med dette tilskotet vonar me at flest mogeleg kjem i gong i 2022.

-Me er svært opptekne av at me har flest mogeleg aktive bønder i Vestland.  Den siste tida har synt at å sikre norsk matproduksjon og norske arbeidsplassar er viktigare enn nokon gong.  Ei slik satsing på landbruket vil og ha stor betydning for å sikre arbeidsplassar innan foredlingsindustrien.  

Anders Felde i Vestland Bondelag seier han er gla for Fylkesutvalet sitt vedtak;  -det er gledeleg at Vestland Fylkeskommune bidreg med midlar som skapar framtidstru i mjølkeproduksjonen.  Produksjon av mjølk er bærebjelken i Vestlandslandbruket og er avgjerande for verdiskapinga, arealbruken og busettinga.