I dag gjekk eit samla fylkesting inn for å forskottera 165 millionar kroner til Bømlo Fiskerihamn, ei viktig sak for Vestland Senterparti: 

- Eg er sikker på at å spele på lag med dei gode kreftene vil gje positivt resultat og ringverknadar. Ikkje berre for Langevåg og Bømlo, men for heile Sunnhordaland og kysten, seier Handegard.

- Dette er eit stjerneeksempel på god samfunnsutvikling. Lokale krefter har  arbeidd for molo, som også vil utløysa eit betydeleg næringsareal i Langevåg. Dette har dei arbeidd med over lang tid. Reguleringsplanen for området var klar alt i 2013. Saka har lege 7 år i skuffa til regjeringa, uten at dei har opna ho.

Det er ekstra kjekt at etter me tok over ansvaret 1.januar i år så har me levert på Bømlingane sitt klare krav i februar: Saka måtte løysast før sommaren! Men me har ein klar forventning om at regjeringa står ved sin lovnad om løyving gjennom Nasjonal Transportplan.

Det er ikkje ofte me får så mykje att for pengane som når me spelar på lag med lokale gründere og eldskjeler som vil noko. Det er eg ganske sikker på at denne saka også vil visa. Me har høyrd om ulike bedrifter knytt til havnæringane som står klar til å etablere seg her.

Med dette vedtaket i dag kan Bømlo Fiskerihavn AS gå frå ord til handling. 

Gratulera til Bømlo, Sunnhordaland og kysten elles, her er eit hav av mogelegheiter!

Så vil eg også takka Fylkesrådmannen og hans stab for å vera løysingsorientert, sjølv i ei svært krevjande økonomisk tid for fylket har de funne løysing på svært kort tid. Særleg i desse tider er det ekstra viktig å leggje tilrette for ny aktivitet og arbeidsplasser, i tillegg til ei trygg hamn.