Meny
Bli medlem
Alle skal ha rett til å fullføre ei vidaregåande opplæring

Alle skal ha rett til å fullføre ei vidaregåande opplæring

For å gjere dette mogleg må Vestland fylkeskommune utvikle eit fleksibelt opplæringstilbod som innbyggarane kan nytte, uavhengig av bustad og livssituasjon.

 

 

Sist endret: 17.06.2021 #Vestland

Fylkestinget vedtok difor startskotet for «Nettskulen i Vestland» 16. juni.

 

Nettskulen vil bidra til eit meir likeverdig opplæringstilbod for elevar og lærlingar i Vestland og er et supplement til fag skulane tilbyr allereie.

 

– Nettskulen vil bidra til meir fleksiblitet og vil tilby ungdomar eit breiare og meir relevant opplæringstilbod uavhengig av kvar dei bur. Senterpartiet jobbar for opplæringstilbod nær folk, nettskulen vil støtte opp under den desentraliserte skulestrukturen i Vestland, seier Alexander Fosse Andersen, fylkestingsmedlem for Senterpartiet, og medlem av utvalet for Opplæring og Kompetanse.

 

Då koronaen trefte oss i 2020, gjekk skulane frå fysisk til heildigital undervisning over natta, og elevar og tilsette har fått mykje erfaring med digital undervisning det siste året. Dei digitale dugleikane har òg vorte betre.

– Me har sett at det er mogleg å jobbe desentralisert, difor hadde det vore spanande om prosjektorganisasjonen for nettskulen i Vestland fekk ei desentralisert lokalisering. Eit stort fleirtal i fylkestinget ber administrasjonen sjå på ulike alternativ for lokalisering av prosjektorganisasjonen, og sjå om det er mogleg å få til ei desentralisert lokalisering, det støttar Senterpartiet fullt ut, avsluttar Fosse Andersen.