Meny
Bli medlem
Det er vår tur no!

Det er vår tur no!

Gode regionale utviklingsaktørar – velkomne til Vestlandstinget!

Publisert: 16.06.2021 #Vestland

I dette tinget skal me godkjenna rekneskap og årsmeldinga for det første, historiske året til Vestland fylkeskommune. Ei årsmelding, som er både digital og i skriftleg form, sidan det er eit historisk dokument. Den viser at har tatt rolla som regional utviklingsaktør, og leverer på dette. Eg vil gje administrasjonen stor honnør for jobben som er gjort, takka alle tilsette og samarbeidspartar, og me folkevalde handsama nær 1000 saker samla sett i dette spesielle året. Me haustar mykje anerkjenning for rolla me tek som medspelar, og me må fortsetja med å utvikla samarbeidet i fylket og landsdelen for å sikra interessene til innbyggjarane og klimaet.

«Det er vår tur no», sa me då me starta arbeidet med innspela til Nasjonal Transportplan i fjor. Planen vart godkjend i Stortinget i går,- og denne gongen vart det vår tur. Det er den samla innsatsen og dynamikken me skapte, som gav utteljinga,- i ein NTP som er eit meir styringsdokument enn før,- med det at porteføljestyring gjeld. Derfor er det så viktig at prosjekt kom inn i første periode. Først stod regionane i fylket sjeldant samla i innspela til oss i februar/mars  2020.

Så hugsar me så altfor godt dramatikken i maidagane i fjor, og der vil eg sei orsak til deler av Sunnhordland for at det vart i overkant dramatisk, men nett det som skjedde den veka i mai 2020, var i realiteten det beste strategiske arbeidet me har gjort på lenge. For det er resultatet som tel,- no ser me det,- me klarte det, og maidramaet medførte at både dei største prosjekta måtte leverast på, og i tillegg har innsats og dynamikk denne våren bidrege til at me drog i land storeslem til heile fylket, med unnatak av Vikafjellsvegen me må kjempa vidare for. Det har vore ein utruleg innsats i kontaktutval, pådrivarselskap, stamvegutval, organisasjonar og partia i Regjering og på Stortinget pressa kvarandre fram. Stor takk til alle,- eg ville gått meir i detaljar, men den digitale møteforma tillet ikkje det. Det vart vår tur no, og det vil heile landet tena på. Eg merka meg at til og med Bergens Tidende tok orda i bruk.

Eg håpar mange Bergenselevar i yrkesfag, som tidlegare vart tvinga ut av sine nærmiljø på studietilbod som var sistevalet og måtte ta det tilbodet dei måtte ta til takke med, frå komande skuleår kan seia «at det vart vår tur no». No tek me tidenes skuletilbodsopprydding, og eg håpar dette er starten på høgare fullføringsprosent i Bergensområdet. Så vil eg gje oss alle ei utfordring kring inntaksmodell, som skal evaluerast til hausten: Dei fleste elevane får oppfylte primærønskja sine, og tilbodet er godt tilpassa behovet unntatt i Bergensområdet. Eg meiner å sjå at nærskulemodellen i si mest prinsipiell form har størst verdi i Bergensområdet, og eg spør om me kan redusera tal inntaksområde i distrikta? Ingen inntaksmodellar er optimale for alle, men me må som vår del av Fullføringsreforma sjå på stadig best mogleg tilbod for elevane.

I siste indre kom det midlar til produksjonsskulane i RNB. Men, mindre enn i dag, og eg spør om me bør framoverlente i vidareutviklinga av skuleslaget, og spør om den både kan vera søkbar og i tillegg vera eit tilbod for dropouts. Målet er null dropouts, for me kan ikkje ha eit system, som gjer at dei unge må tapa sjølvbildet lenge nok før me stiller opp for dei. Eg tør å utfordra Tinget på om sikkerhetsnettet kan tre inn tidlegare for dei som treng det.

Eg vil visa til Forvaltingsrevisjonsrapporten om Tannhelse som Kontrollutvalet legg fram. Dette er ein alvorleg rapport, som må følgjast opp, og innstillinga til vedtak reiser spørsmål fram i tid, for me ser at pasientar i distrikta brukar spesialisttenesta minst. Eg vil gje dei tilsette støtte i å saman med administrasjonen finna dei rette løysingane for eit godt tilbod for innbyggjarane framover.

Energimeldinga vart lagt fram før helga. Der står mykje bra, men den er for lite ambisiøs for Vestland fylke. Nettet må oppgraderast raskare, og veit de at i  landets nest største kraftverk i Eidfjord, sleppte dei i fjor ut overvatn tilsvarande nær 1,5TWH pga manglande nettkapasitet, eller også ein storkunde som kan nytta krafta der den er. Det er vår tur no, tempoet må opp,- og det gjeld heile fylket. På møte i Sogndal sist måndag vart alvoret understreka av både SFE og BKK, me har kjempeoverskot av kraft, men nettet må oppgraderast fleire stader.

Samfunnet opnast gradvis opp, og i august legg Statsraad Lehmkuhl ut på si første jordomsegling for oss alle, ja for landet. Dette skjer under avslutninga av Arendalsveka, som også markerer starten på Stortingsvalkampen.

Eg ber alle stilla opp for kvarandre i retten til å vera trygge i engasjementet for å utvikla demokratiet vårt. For, om ein dryg månad markerer me 10 år sidan terroren ramma oss, og tok frå uskulde menneske retten til å leva og vera engasjerte. Det vert fleire markeringar her i fylket, med hovudmarkering i Bergen Domkyrkje og på USF Verftet. Dessverre lever  dei primitive kreftene vidare, og me fangar dagleg opp hets og hatefulle ytringar. Derfor vil eg på vegne av oss alle gje klar beskjed til den som nyleg sende anonym trussel til Natalia Golis, slutt med dette. Me skal ikkje ha det slik!

Gode folkevalde, velkomne til Vestlandstinget, til gode debattar og usemje, i kvarandre sitt gode selskap,- for landets Viktigaste Fylke!