Meny
Bli medlem
Det skal vere trygt å vere hybelbuar

Det skal vere trygt å vere hybelbuar

Eg synest det er flott at tilhøva for ungdom som bur på hybel kjem opp som sak i fylkestinget.  

Det vert gjort ein kjempegod jobb på mange vidaregåande skular allereie, men det er behov for å kartlegge kor mange som faktisk bur på hybel slik at dei enkelte skulane har oversikt.  

Publisert: 18.06.2021 #Vestland

Det er ulikt korleis elevane taklar å flytte på hybel, Til dømesopplever mange meistring når dei klarer å utvikle rutinar og strukturere tidsbruken sin, medan andre manglar rutinar for å handtere eit tilvære borte frå forelda.  

Forsking  viser ogsåat ungdom på hybel er overrepresentert i fråfallsstatistikken (Wenche Wannebo, 2017).  

Vidare viser Wannebo i si forsking at helsesøster, miljøkoordinatorar, sosialpedagogar og andretilsette i vidaregåande skule syner seg å vere svært viktige for hybelbuarar. Fråvær avvaksenpersonar kan vere tøft særleg i starten av eit hybelliv, og fleire ungdomar kjenner seg triste,nedstemte og einsame. 

 

 Med støtte frå kompetente vaksne er det lettare for dei unge hybelbuarane 

å vekse og få ein sunn overgang til vaksenlivet.  

 

VI ser og av at det er veldig ulikt kor mange som flyttar  på rundt om i Vestland. I Sogn og Fjordane er det nær 1200 hybelbuarar. Over ein av fire elevar bur på hybel, i Hordaland så er det godt 600 hybelbuarar. Med eit elevtal som er fleire gongar så stort. 

Så er det viktig a vidareførar ordningar som vi veit fungerer med miljøkoordinatorar, elevkontaktar, og eit godt samarbeid med skulehelsetenesta 

Eg trur det er viktig at alle skulane i Vestland har gode rutinar og eit opplegg for hybelbuarar. Også ved dei skulane som ikkje har så mange. Det skal vere trygt for både elevar og foreldra når 15-16 åringen flyttar heimanfrå. 

 

Sigurd Reksnes - fylkestingsrepresentant og medlem i utval for Opplæring og Kompetanse