Meny

- Ei rettferdig finansiering av skulane i Vestland

Fylkestinget har gått inn for ein modell som vil sikra ei rettferdig fordeling av midlar til alle vidaregåande skular i Vestland. – Målet er eit likeverdig opplæringstilbod med høg kvalitet i heile Vestland, seier saksordførar for saka i fylkestinget Sigurd Reksnes (Sp).

Fylkeskommunen si finansiering av vidaregåande skular kan baserast anten på talet elevar ved skulen, eller talet på klassar ved skulane.  Fylkestinget gjekk tysdag 10.juni inn for at tildelinga skulle baserast på tal klassar.  

- Stykkprisfinansiering høver veldig dårleg i eit fylke som Vestland.  Det kunne fort ført til sentralisering og ei dårleg finansiering av små skular.  Ved å finansiera skulane basert på talet elevar, kan ein risikera at dei mindre skulane i distrikta vil koma dårlegare ut. Difor er me i Senterpartiet veldig glade for at det no er talet klassar som blir lagt til grunn når pengane skal fordelast på dei vidaregåande skulane,  seier Reksnes.

- For å sikra eit likeverdig tilbod til elevar ved alle vidaregåande skular i Vestland, er det viktig at fylkeskommunen har ein rettferdig modell for fordeling av midlar til skulane, om det er til  dei små skulane i distrikta eller til dei store byskulane, meiner han.

 I tillegg til at tildelinga i hovudsak skal vere basert på tal klassar skal det også takast omsyn m.a. naudsynt breidde i tilbodet, halve klassar, leiingsressurs, andre stillingsressursar og variable driftskostnader ved høg oppfylling i klassa.

Vidare så er det lagt opp til at krav til tal elevar i klassar og krav til minimumsoppfylling i klassar vert avklara i saka om opplæringstilbodet hausten 2020

- Krav til tal elevar pr klasse kan ha store konsekvensar både økonomisk og for tilbods og skulestruktur, dette gjeld særleg for skulane i distriktet. Ei avklaring her er difor viktig med tanke på målsettingane om eit likeverdig opplæringstilbod med god fagleg breidde i heile fylket, seier Reksnes.