Meny
Eit fylkesbudsjett med viktige satsingar innan ei ansvarleg ramme

Eit fylkesbudsjett med viktige satsingar innan ei ansvarleg ramme

Publisert: 24.11.2021 #Vestland

Samarbeidspartia SP, AP, SV, MDG, KrF og V legg no fram eit budsjett med rom for mange viktige satsingar etter fleire krevjande år for Vestland fylkeskommune. Men gjeldsgraden må framleis ned, så difor er det avgjerande å vidareføre ein økonomisk forsvarleg styring.

Samarbeidspartia prioriterar ungdom, kommunikasjon, arbeidsplassar og kultur for framtida! Kulturarven frå fortida skal også ivaretakast gjennom ei auka  satsing på kulturbygg.

Me er på veg mot fullført breibandutbygging, og legg inn fleire næringssatsingar. No går me for landets beste opplæring og legg til rette for alle skal fullføra vidaregåande opplæring. Prioritering av mat og psykisk helse er ein viktig del av dette. Nye og moderne skular til over 4 mrd. skal byggjast i heile fylke!

Det vert ein etterlengta fylkesvegutbetring trass stor kostnadsauke på vedlikehald. Partia prioriterar 112 mill. ekstra for opprusting og trygging av fylkesvegane. Mindre utbetringar av flaskehalsar og møteplassar har stor betydning for næringslivet. Det same har trafikksikkerheit for mjuke trafikkantar.

Auka rammer vil føre til eit breiare og betre kulturtilbod, der fleire regionale kulturbygg får betydelege midlar, og ein vil styrka frivilligheita.

Me legg til rette for nye arbeidsplassar gjennom ei auka marin satsing, utviklingsfond for utsette kommunar og midlar for å følgja opp nærings og innovasjonstiltak.

Budsjettet skal bidra til å ta heile Vestland eit steg vidare med betre tenester for innbyggjarane, stimulera til frivillig engasjement, ivareta kulturarven  og utvikling av arbeidsplassar inn i det grøne skiftet .

 

Gruppeleiarane for dei seks samarbeidspartia i Vestland.