Meny
2020 Morgengry på Sandane, Sogn og Fjordane (1)

Eit mangfaldig og likeverdig skuletilbod i heile Vestland

Publisert: 10 04 2022

Torsdag 7. april handsama hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylke sak om justering av opplæringstilbodet for skuleåret 2022/23. Det har vore stort engasjement og mange innspel knytt til saka.

-Senterpartiet er glad for at hovudutval for opplæring og kompetanse landa eit opplæringstilbod for skuleåret 2022/23 som sikrar eit mangfaldig og likeverdig tilbod i heile Vestland. Dette vil bidra til auka gjennomføring og sikre arbeidslivet i Vestland tilgang på viktig  arbeidskraft og byggje fylket, seier utvalsmedlemane Alexander Fosse Andersen og Karoline Bjerkeset.

 

Til skuleåret 2022/23 er det totalt 56 % av søkjarane til vg1 som har søkt seg til eit yrkesfagleg utdanningsprogram. Det er ein auke får tidlegare år og ei utvikling som er ynskt av politikarar og bransjar som har trong for fagarbeidarar. I hovudutvalsmøtet 07.04.22 justerte hovudutvalet opplæringstilbodet for skuleåret 2022/23 basert på søkjartal. Framlegget til samarbeidspartia Sp, Ap, Sv, Mdg og Krf vart til slutt vedteke samrøystes i utvalet.

 

-For skuleåret 2022/23 vart det lyst ut fire nye opplæringstilbod i nært samarbeid med arbeidslivet. Dette var vg1 naturbruk ved Bømlo vgs, vg1 naturbruk ved Austrheim vgs, vg2 transport og logistikk ved Kvam vgs og vg2 kulde-, varmepumpe og ventilasjonsteknikk ved Slåtthaug vgs. Det er gode søkjartal for alle dei fire tilboda, noko som er gledeleg og framfor alt viktig for næringslivet, seier Alexander Fosse Andersen.

 

-For næringslivet og offentleg sektor i Nordfjord er det veldig viktig at me klarte å få på plass vg1 restaurant- og matfag i kombinasjon med vg2 kokk og servitør ved Måløy vgs, seier Karoline Bjerkeset. – Det er stort behov for framtidige faglærte kokkar og servitørar i reiselivet, restaurantar og helseinstitusjonar i Nordfjord. Då er det viktig at me klarer å byggje opp eit vidaregåande utdanningstilbod innan restaurant- og matfag i regionen. Kombinasjonsklassen ved Måløy vgs er ei løysing Senterpartiet gler seg over.

 

-Vg1 bygg- og anleggsteknikk ved Dale vgs vart starta opp att i fjor. Lokalt næringsliv innan bygg og anlegg har stor trong for lærlingar og gir læreplassgaranti. Sjølv om søkjartala i år er lågare enn me ynskjer, er det viktig å gi skulen tid og rom til å byggje opp tilbodet. Det er også viktig for næringsliv og lokalsamfunn at fylkeskommunen er ein føreseieleg aktør og ein medspelar for lokalsamfunna. Difor gjekk Senterpartiet og dei andre fleirtalspartia inn for å opprette vg1 bygg- og anleggsteknikk ved Dale vgs også neste skuleår, held Fosse Andersen og Bjerkeset fram.

 

-Det har vore stort engasjement og mange innspel knytt til vg1 naturbruk friluftsliv, betre kjent som villmarkslinja, ved Voss vgs. Med 54 søkjarar til ein klasse med 15 elevar engasjerte mellom anna elevar, foreldre og lokalmiljøet seg for å auke opp klassetalet til to. Opplæringsutvalet ser at villmarkslinja ved Voss vgs. gir elevar viktig kunnskap om berekraftig bruk av naturen i tillegg til å tilføre næringslivet på Voss viktig kunnskap og framtidig arbeidskraft, difor går me inn for at villmarkslinja ved Voss vgs kan halde fram med to klassar, seier Alexander Fosse Andersen.

 

-Søkjartala til vg2 tømrar ved Stord vgs viser at det er grunnlag for ein heil klasse. Lokalt næringsliv har stor trong for faglært arbeidskraft, då er det avgjerande at me politikarar legg til rette for det og aukar opp til ein heil klasse, avsluttar Karoline Bjerkeset.

 

Samarbeidspartia sine endringar:

 

Voss vgs. vg1 Naturbruk villmark

+ 1 klasse

Dale vgs. vg1 Bygg- og anleggsteknikk

+ 1 klasse

Måløy vgs. vg1 Restaurant- og matfag

+ 1 klasse*

Stord vgs. vg2 Tømrar

+ 0,5 klasse (1 heil klasse totalt)

 

* Måløy vgs får setje i gang ei kombinasjonsgruppe med vg1 Restaurant og matfag og vg2 Kokk og servitør innanfor dei økonomiske rammene av ein klasseressurs for å sikre stabilitet og rekruttering til restaurant og matfag i ein overgangsfase.