Meny
Bli medlem
Endeleg spaden i jorda på Folgefonntunnellen- Årsnes.

Endeleg spaden i jorda på Folgefonntunnellen- Årsnes.

 

Fylkestinget vedtok i dag byggestart for investeringsprosjektet Fv 500 Folgefonntunnellen – Årsnes i Kvinnherad.

Publisert: 16.06.2021 #Vestland

Vegprosjektet FV500 Folgefonntunellen-Årsnes er del av Kvinnheradpakken, som vil gje eit betydeleg fylkesvegløft i Kvinnherad kommune.
Dette prosjektet vert rekna som delprosjekt 2 av totalt 9.

 

-Dette prosjektet er særs viktig, og bind Sunnhordland og Hardanger saman. Prosjektet vil gje oss ny Krokatunell på 1,4 km, og ei vesentleg standardheving på fleire av strekningane på fylkesvegen mellom ferjestøet på Årsnes og tunellen til Odda i Austrepollen, seier ordførar i Kvinnherad Hans Inge Myrvold (sp)

 

FV500 vil og binde E134 og E39 tettare saman, og vil gje monaleg raskare og tryggare reise mellom Odda og Bergen. Ferjesambandet Årsnes-Gjermundshamn har god regularitet døgeret rundt og er det mest trafikkerte sambandet i Hardangerfjorden.

 

-Dette er ein bra dag for Kvinnherad. Eg og partiet har arbeidd mot dette sidan 2015, og det er godt at me endeleg ser at spaden kjem i jorda, seier Hans Inge Myrvold vidare.

 

Senterpartiet sin fylkestingrepresentant i utvalet for samferdsle og mobilitet, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, er også glad for at denne saka endeleg er i mål.

-Dette er eit etterlengta prosjekt på ein smal, svingete og rasfarleg veg. Kvinnheradpakken er eit godt spleiselag mellom kommunen og fylkeskommunen, i tillegg til rassikringsmidlar og bompengar. Det blir spanande å følgja korleis samspelskontrakt fungerar, og så eventuelt nytta det i andre kommande prosjekt, seier ho.