Meny
Sigrid Nettside

Fylkeskommunen må bruka utestemma for bulyst og attraktivitet!

Den nye digitale kvardagen gjev større mogelegheiter til å jobba kvar ein vil. Det vil også kunna bety at folk i større grad vil bu i byen og arbeida i distrikta, slik både Fylkesordføraren, fylkesrådmannen og redaktøren i Firda nyleg peika på. Det vil kunna føra til ei ytterlegare sentralisering.

Vestland fylke må ta aktive grep for å hindra ei slik utvikling.

Fylkesordføraren tok bl.a. opp utflytting av statlege arbeidsplassar, vidare utbygging av breiband, trygge og rassikre vegar og betre nettkapasitet som viktig .

 

Eg vil i tillegg løfta fram bulyst og attraktivitet, slik at me vert førstevalet når ein skal etablera seg enten med buplass eller næring.

Dei fleste kommunane i Vestland har god plass og mykje areal. La oss få bruke dette til å leggja tilrette for at ein kan byggja og bu, skapa seg det gode liv, også utanfor byar og tettstader.

 

Den raudgrøne regjeringa vedtok alt i 2011 at det skulle verta enklare å byggja og bu i strandsona i område med lite press. Ei differensiering av forvaltning av strandsona. Dette er ytterlegare tydeleggjort i nye retningsliner.

For dei av oss som kjem frå slike kommunar er opplevinga at denne meldinga må ha gått Statsforvaltaren «hus forbi». Eg forventar at ei ny regjering tydeleggjer dette over for Statsforvaltaren.

Som utviklingsaktør må Vestland fylke i samarbeid med kommunane bruka utestemme  i denne type saker.

Kommunane i Vestland må kunna leggja tilrette for attraktive areal, både i strandsona og andre stader, slik at me vert førstevalet for etablering og å leva det gode liv.

Slik kan me motverka ytterlegare sentralisering!