Meny
Fylkesordførar Jon Askeland si tale til fylkestinget

Fylkesordførar Jon Askeland si tale til fylkestinget

Publisert: 09.03.2021 #Hordaland#Sogn og Fjordane#Vestland

Fylkesordørar Jon Askeland starta, tradisjonen tru, tingsetet med si tale til fylkestinget.  

 

 

Gode Vestlandsting

 

Sjølv om me på fredag har levd med nedstengt samfunn i eitt år, vil eg ikkje dvela meir ved det enn å understreka at det viktigaste me som folkevalde gjer no er å treffa gode val for framtida, og bruka Utviklingsplanen vår. Og eg vil innleiingsvis berømma kommunane i fylket for jobben dei har gjort og gjer som smittevernstyresmakter. Dei har vore flinke alle saman, og eg håpar eg har tinget med meg i ein ekstra ros til Bergen, som har hatt det største og mest komplekse trykket. Samarbeid har prega arbeidet mellom kommunane og mellom oss og kommunane.

Vestland fylkeskommune har landets djervaste klimaambisjonar, og får ros frå næringslivet for at me har teke modige val, og næringslivet ber oss fortsetja med dèt. Me har landets mest klimaomstillingsvennlege næringsliv, som ser moglegheiter og forretningsmoglegheiter i det grøne skiftet. Dette er vestlendingane på sitt beste, i tusenårig tradisjon. Eg seier ofte som strilen; «skal me få fisk, må me ha nota i sjødn». Me har djervheita i oss, me sit ikkje i ro og ser på skogen. Djervheita vår trengst framover, og me får gode attestar for jobben vår. Før eg forlet metaforen, så understrekar eg at vestlendingen har til alle tider forstått behovet for å vera saman i båten, samhandling, samarbeid og omsorg for kvarandre var viktig før, i dag og framover.

Sist veke hadde fylkesutvalet prosessmøte på Klima- og miljøplanen, der vart det ein særs interessant debatt, som kan oppsummerast slik;- korleis operasjonaliserer me klimaambisjonane våre? Gode fylkesting, me må ta realdebatten om tiltaka for å målet om nullutsleppsfylke 2030, og særleg korleis handterer me målkonfliktane. Eg kan stå på alle talarstolar og framsnakka klimaambisjonane våre og målet om nullutslepp 2030. Men, er me samde om definisjonar og konsekvensar? Definèr nullutslepp til dømes. Skal Hydro Husnes og Årdal ha null utslepp av Co2 om ni år, så er det berre ein måte å lukkast i det,- å leggja ned smelteverka. Vil me det? Snakkar me karbonnøytralitet, så får me andre løysingar og moglegheiter. Fylkeskommunen kan i stor grad påverka klimautsleppa frå eiga drift, men for fylket som heilskap, så er det andre som må gjera jobben. Korleis og kva er premissa for å få alle med?

Utviklingsplanen vår har fire hovudmål,- me har vedteke å balansera desse. Eg ser fram til at klima- og miljøplanen vår stør oppunder dette. Me er midt i høyringsrunden på innovasjons- og næringsplanen vår. Den snakkar grøn næringsutviklling oppetter veggane for landets viktigaste verdiskapings- og eksportfylke. Faktum er at det er i Vestland fylke at sjansen er størst for å lukkast med klimaomstilling som handterer målkonfliktane,- visa veg og finna løysingar som verkar slik at me omstiller oss slik at me beheld og aukar posisjonen som verdiskapings- og eksportfylket, med tilhøyrande sysselsetjing og pengar til fordeling vidare framover.

Eg ser fram til klimaplanen,- lat oss der finna dei gode, praktiske løysingane til beste for kloden, komande generasjonar og også oss i det korte tidsbiletet. Velkomen til debatten!

Fylkeskommunen gjekk med overskot i fjor, og eg vil berømma fylkesrådmannen og dei tilsette for innsatsen i eit særs krevjande år. Fylkesrådmannen har som vanleg orden i rekneskapen, og me veit at det har vore uoversiktlege tal heile året. Ein del av overskotet skuldast statlege midlar som kom inn heilt på slutten av året, dei kunne ikkje budsjetterast, og dei er ikkje fordelt, men dei er koronamidlar.

Eg er difor glad for at rådmannen fremja sak til fylkesutvalet og tingseta her om at overskotet har eit alvorleg bakteppe på grunn av koronaen, og rår til at me av omsyn til elevar og lærlingar handlar no, og ikkje let oss hindra av formalitetar kring årsoppgjersdisposisjonar. Det er avgjerande viktig at me hjelper elevane og lærlingane til å fullføra utdanningsløpet, og at me stiller opp for dei som me no veit gjer seg tunge tankar om seg sjølv og framtida. Sjølvsagt skal me handtere formalitetane kommunelova set til godkjenning av rekneskap og revisjon, men det er i høgste grad både moralsk og lovmessig rett av fylkesrådmannen å be oss handla slik i den krisa me står i. Takk, fylkesrådmann!

Velkomen til tingsetet,- som sist har fylkesrådmannen og eg valt kortare innleiingar enn vanleg,- de har heldigvis same tida til disposisjon, og eg helsar Vestlandstinget velkomen til eit byggjande, utviklande og omsorgsfullt tingsete! Eg skal ikkje syngja, men me skulle gjerne møttest igjen snart, og tipsar då om «Far away»- også den av Carole King.