Meny
Bli medlem

God påske i desse koronatider

Sist endret: 27.09.2020 - Jenny Følling, Fylkestingsrepresentant Vestland Sp #Hordaland#Sogn og Fjordane#Vestland

Dei siste vekene har vore uverkelege. Brått vart kvardagen snudd opp ned. Skular og barnehagar vart stengde over natta. Folk vart beordra til heimekontor. Alle reiser vart innstilte og flyplassar stengde.

Myndigheitene var tidleg ute, og tok situasjonen på alvor. Det har vore avgjerande at folk har hatt tillit til det nasjonale myndigheiter bestemmer. Det har vore viktig at det har vore oppslutning om dei tiltak som vert sette i verk for å redusere smittespreiing. Og vi må halde ut, for dugnaden verkar. 
 
Eg syns folk har vore flinke. Alle har vist stor tolmodigheit og har vore uthaldande. Framover er det viktig å halde oppe livsmotet. I desse tider er det ekstra viktig å ha omtanke for kvarandre, hjelpe dei som treng det mest, men også å halde hjula i gang. Ein dag kjem kvardagen tilbake til oss alle. I mellomtida er det viktig at vi er sterke, har drivkraft, viser velvilje og rettar oss etter myndigheitene sine retningslinjer.
 
Denne krisa lærer oss å sette meir pris på dei nære ting. Lukka kan ligge mykje nærare enn vi trur. Familien, fjella våre, dei flotte skiløypene. Bevisstheita om at vi må bruke nærbutikken, handle kle og skor lokalt slik at vi i framtida kan ha eit godt og rikt tilbod her vi bur.
 
Landet vårt er fullt av perler. Vi treng ikkje å reise rett i turistfellene. Ta heller ein fjelltur på viddene i Sunnfjord eller i Sunnhordland. Med telt, fiskestang og proviant vil du finne stader der mest ingen har sett sine bein. Fjella ligg som perler på ei snor.
 
Men det er nokre som må jobbe i påskehelga i samfunnskritisk teneste. Eg vil takke alle tilsette i kommune og i helsevesen som må ta seg av dei som blir sjuke. Alle gjer de ein kjempeinnsats. 
 
Men mange har også opplevd at arbeidsplassen forsvinn. Dette er svært alvorleg. Då er det godt å sjå at stortinget kjem med tiltakspakkar, slik at flest mogeleg arbeidsplassar overlever denne krisa. Vi må følge med på at desse krisepakkene er til hjelp dei som vert råka.
 
Når det no ser ut til at barnehagar og skular opnar opp litt etter kvart, får vi håpe at det er teikn på at det går rette vegen.
 
No er vi klare for påskefri. Då er det viktig å lade batteria. Påska i år vert for mange annleis. Sjølv om vi ikkje kan vere samla i påska, kan vi ha det fint kvar for oss. Eg ynskjer alle ei velsigna påskehelg. Gled deg over kvar dag, og pass på helsa. Ha en riktig god påske og ta godt på kvarandre. Det kjem til å gå bra!!
 

Denne artikkelen ble først publisert 10.04.2020