I dette tingseta ligg det to saker, eg vil starta med. Først, Årsmeldinga frå mobbeombodet, som har laga eit tenkt case om mobbing og utanforskap. Dette er sterk lesnad, og eg apellerer til at fylkestinget støttar våre vener i kommunane i arbeidet for å inkludera alle, alltid. Den andre saka er vedtakssaka frå elev- og lærlingombodet, med tilråding i fire punkt, som er positivt innstilt til Fylkestinget, og understrekinga mi er å vera ein aktiv skuleeigar der særleg Oppko følgjer tilrådinga tett.
Oslo! Eg tek namnet i munnen, nokre få dagar etter eg var på 100-årsjubileum fro Bergen Sjøfartsmuseum, som vart til i kampen mot etablering av tilsvarande museum i Oslo - byen som snur seg vekk frå havet. Og for ein landsdel som har Jotunheimen i ryggen og ser utover skjergarden mot Europa og resten av verda, vil eg inn på dette:
For- Stortingsvalet er over, og eg vil først berømma både Jonas og Erna for rausheita valnatta. Det var flott for demokratiet vårt at vaktavløysinga skjer slik me såg dei talte vel om kvarandre. No vert det byte i styringa av landet, og me er som alltid opptekne av at dei som styrer frå Oslo møter forventingane frå landsdelen og fylket vårt. Fylkestinget må forventa at interessene våre vert tungt vektlagt når korta vert delt ut, og at det vert levert på tiltak som gir vekst, utvikling og tryggleik i distrikt og by. At kultur, idrett og frivillighet får gode rammevilkår og næringslivet får støtte til å skapa svarte tal i det grøne- og blåe skiftet.
Eg peikar på ei låghengjande frukt alt i tilleggsproposisjonen til statsbudsjettet;- satsing på fylkesvegar og rassikring. Dette er i samsvar med høyringsmøta til RTP,- der kommunar og andre aktørar viste ei rørande støtte til auka økonomiske løyvingar på vegsida i fylkeskommunane. Berre på den måten kan RTP svara på forventningane til oss.
Distriktssatsing, var mykje framme i valkampen, og redaktøren i avisa Firda var denne veka ute med eit interessant perspektiv på ideen om bu kvar du vil, jobb digitalt,- som er lansert som eit stort pre for distrikta. Redaktøren i Firda viste til at NHO no lyser ut stilling ved kontoret i Florø, med moglegheit for å jobba heimefrå,- han trekte då konklusjonen om at dersom du kan bu i distriktet og ha jobb i Oslo,- då kan du vel også bu i Oslo og ha jobb i Florø. Og sidan dei fleste bur i byar, såg han at faren er stor for at jobbane må ut, dersom dei skal styrkja distrikta. Eg deler synet, meir målretta midlar og tiltak må til for å lukkast.
Vidare meiner eg Regjeringa raskt må løysa utfordringane med nettkapasitet og konkurransesituasjonen om den elektriske krafta. Regionrådet Nordhordland har tatt initiativ til at fylkeskommunen tek eit regionalt ansvar for å jobba politisk med dei etterkvart kjende problemstillingane, og fylkesutvalet tinga politisk sak om dette sist veke. Eg ser for meg eit kraftfullt, men ikkje overbefolka strategisk forum,- kall det gjerne folkeleg for kontaktutval, for det har me gode erfaringar med. Me må sikra fylket si konkuransekraft innan området, og me må pressa Statnett og statlege styresmakter til å få opp tempoet i å gje oss nettkapasitet for straumen internt i fylket vårt.
Eg vil takka alle for innsatsen under pandemien, somgjekk ut med overtenning natt til søndag. Eg køyrde gjennom Bergen sentrum ved midnatt, medan Ahas Take on Me - ljoma på radioen,- og det var mange som tok på kvarandre på byn då.
Eg vil takka alle for innsatsen gjennom halvtanna krevjande år.
Førre veke avla Hans Mjelva i bt oss ein hissig visitt. Han sa me måtte slutta å vera risikoaverse fylkespolitikar, og berre køyra på med nullutsleppskrav til hurtigbåtar i ein kommentar som hadde fleire skarpe skot. Angrepet forundra meg på at han ikkje retta skytset i retning årsaka, økonomisk støtte for å gå først i det grøne skiftet. På fredag var eg nemleg på Hurtigbåtkonferansen, der alt av fagfolk i bransjen var til stades, inklusiv sjefen for Enova. Meldinga var tydeleg, også frå NCE Maritime Cleantech: Hydrogenteknologien for hurtigbåtar på lange strekk kombinert med høg fart er ikkje på plass på ein del år enno. For batteriteknologi er røystene meir uklare, vonleg leverer anboda. På korte strekk er det ikkje farleg å stilla nullutsleppskrav, og sjefen for Enova roste Vestland fylkeskommune for at me stiller krav, og rådde oss til å jobba med piloteringa, og så avslutta han med at det er heilt andre hinder å hoppa over på hurtigbåt enn det var på ferjesida for nokre år sidan, som ligg til grunn for deira klare tilråding.
Eg er ikkje redd for å stilla krav, for det virkar, og eg ser med spenning fram til me får svar på anboda frå bransjen Og, me kviler ikkje, me vil uansett vera i tet. Men, for at fylke og næringsliv skal ha fart i det grøne skiftet, må det vera risikovillig kapital frå staten, for å sikra tempoet, og kloden brenn. Me har ressursane til gå først her i landet.
I september opna me autonom nullutsleppsbuss i Førde, eit pilotprosjekt i tre månader. Ideen til dette kom frå studentar på ein skaparkveld i Høgskulen på Vestlandet, og Skyss med fleire følgde raskt og kraftfullt opp. Dette beviser at dei unge tenkjer utanfor boksen,- det gledar meg.
Det er foreslått at Hornelen og Masfjordfjella skal verta nasjonalparkar. Me helsar prosessen velkomen, men eg vil innom eit apropos. Nokre av oss var på 40-årsjubilumskonferansen for Hardangervidda Nasjonalpark nyleg. Debatten var interessant å følgja, og det viktigaste var at Staten tilbyr kommunane å ta leiarskapet i sams forvaltningsstyre for vidda, og ikkje som i dag, der det er tre styre med ulike reglar. Det oppsiktsvekkande i dette er at Hardangervidda er ei av svært få Nasjonalparkar der det lokale sjølvstyret ikkje har tatt imot tilbodet frå staten, inklusiv at dei taper pengar i forvaltinga. Fleire tok til orde for at Fylkeskommunane må ta initiativ til å få til ei sams forvaltning. Dette kan fort verta eit like stort vepsebol som Regjeringsforhandlingane, men parkstyret i Vestland verka harmonisk og framstod med tillit i konferansen. Eg tenkjer det er greitt at me tek den gode samtalen med Eidfjord og Ullensvang om saka.
Kvifor avslutta eg med dette spørsmålet, jau, alle tema eg har belyst til no, viser at Fylkeskommunen er relevant i mange samanhengar,- eg håpar Tingseta viser dette enno ein gong. Og då har eg ikkje nemnt stabelavløpinga for debatten om Byggetrinn 5 i bybanen i går.
Vestland leverer og me har forventingar til makta i byen der aust!