Meny

Godt nytt år til heile Vestlandet!

I si «nyttårstale» i BT den 1 januar teiknar statsminister Erna Solberg og partikollega Ove Trellevik eit godt bilde av kvalitetane vi har her på Vestlandet. Ingen er ueinige i deira skildringar av næringslivet, gründerånda og kunnskapsmiljøa, som saman med gode lokalsamfunn i alle delar av regionen gjev oss fantastiske føresetnader for vekst og positiv utvikling. Høgretoppane ønskjer Vestland godt nytt år. Men Vestlandet treng meir enn lykkeønskjer i fine festtalar. Vestlandet treng satsing.

Meir av Høgre sin sentraliseringspolitikk er det siste vi treng i vest. Solberg og Trellevik bagatelliserer sentraliseringa.  Senterpartiet meiner at ei positiv utvikling avheng av at staten bygger opp under næringslivet og lokalsamfunna sine behov, ikkje bygger ned tenestene. Dei peikar på  bygdeurbanisering og attraktive småbyar, som Odda og Florø.  Men kva med Røldal i Odda, der dei no misser sjukeheimen sin på grunn av regjeringa sitt opplegg for kommuneøkonomi?. Og kva har ikkje Florø tapt av attraktive arbeidsplassar og viktige funksjonar på regjeringa si sentralisering av mellom anna politi og alarmsentral?

Regjeringa har prioritert ned økonomien til både vestlandskommunar og  fylkeskommunen. Særleg har dei svikta på finansiering av det grøne skiftet. Det har fått følgjer for både ferjetilbod og fylkesøkonomien samla. Statsforvaltaren i Vestland har overfor kommunane meldt at situasjonen i kommuneøkonomien er den mest dramatiske på lenge.

 «Nyttårstalen» til Høgre har  mange fine ord. Men berre eitt konkret tiltak for korleis ein kan utvikle heile Vestland. Nemleg at regjeringa vil gjere det lettare å dele frå hustomter på gardsbruk gjennom auka lokalt sjølvstyre. Senterpartiet er opptatt av politikk som verkar –10 punkt som kan bidra til utvikling av heile Vestlandet er:

  1. Slutt å flytte tenester, avgjersler og attraktive offentlege arbeidsplassar vekk frå folk. Skal ein ha vekst og utvikling på heile vestlandet må tenester og attraktive arbeidsplassar vere nær folk. Kommune- og fylkeskommuneøkonomien må styrkjast.
  2. Sikre heile Vestlandet breiband med nok kapasitet.
  3. Auke innsatsen for rassikre vegar for folk og næringsliv på vestlandet. Gode vegar og auka satsing på hamner og farleier er  viktig for utvikling av kystregionen.
  4. Opprett vekstavtaler for kommunar, bygdesenter og tettstader slik ein i dag har byvekstavtalar for større byregionar.
  5. Fordele fleire statlege oppgåver og funksjonar frå hovudstadsområdet og til kommunar i heile Vestland. La Bergen og andre vestlandsbyar vere vertskap for fleire nasjonale satsingar – eit døme er å nytte det høgkompetente miljøet rundt Haukeland sjukehus og UiB/HVL til pilot for fleire nasjonale satsingar innan helseinnovasjon.
  6. Gjennom innkjøps- og innovasjonsordningar sikre at klyngene våre innanfor marin og maritim næring beheld leiartrøya i det grøne skiftet.

7.Endre nettleiga slik at ein unngår at delar av vestlandet betalar langt høgare nettleige enn til dømes det sentrale austlandsområdet.

8.Sikre at områder med naturressursar får behalde meir av verdiskapinga, til dømes gjennom å redusere det statlege andelen av uttak frå havbruksfondet

9. Sats på desentralisert utdanning der folk bur og i tett samarbeid med næringsliv og kommunar. Slutt å underfinansiere lærlingtilskotet og styrk fagutdanninga.

10.Utvikle lokalsjukehusa, fastlegeordninga og den lokale helseberedskapen i heile fylket. Utdann Vestlandslegen på og for Vestlandet!

 

Vi håpar vi med desse punkta kan inspirere Høgre til å utvide eitt-punkts lista si for utvikling av Vestland, og ønskjer Erna Solberg og Ove Trellevik godt nytt år!