Meny
2020 Oppdrettsanlegg for laks, Sogn og Fjordane

Ja til lokalt eigarskap i havbruksnæringa!

Publisert: 18 03 2022

Fylkestinget i Vestland vedtok denne veka fråsegna "Ja til lokalt eigarskap i havbruksnæringa!"

Havbruksnæringa er Norges største næring etter olje og gass.

I 2021 eksporterte Norge sjømat til ein verdi av 120,8 mrd, eller tilsvarande 42 mill. måltid kvar dag året rundt. I Vestland er verdiskapinga 13,5 mrd, og er såleis ei stor og viktig næring som har ei rolle i vår matberedskap.

Sjømatnæringa bidreg med 92 000 arbeidsplassar. Næringa har eit skattebidrag som tilsvarar finansiering av  ca 97 prosent av Norges heildøgns pleie og omsorgs plassar, eller 255. 000 skuleplassar i grunnskulen.

Vestland fylke vil saman med selskapa langs kysten, og i fjordane våre, bidra til ytterlegare vekst og utvikling i denne næringa!

Vestland fylkesting er difor djupt uroa over konsekvensane av den nyleg vedtekne verdifastsetjinga av oppdrettskonsesjonar gitt før 1998 har medførd. Ei dramatisk endring i rammebetingelsane for privat/familieeigde selskap langs kysten ved at formueskatten går opp fleire hundre prosent «over natta». Desse selskapa får no ei belastning av å ha norske eigarar, medan børsnoterte selskap med høg del av utanlandsk eigarskap får ein fordel.

Ein oppdrettskonsesjon er ikkje pengar i banken, men eit løyve ein har for å produsera bærekraftig mat til ein stadig aukande befolkning.

Vestland fylke skal vera i førersetet i Det grøne skiftet. Havbruk er ei av fylket sine prioriterte verdikjeder framover. For å lukkast er ein heilt avheng av eit næringsliv som går i front og investerar.

Ny verdifastsetjing påverkar ikkje skatten til børsnoterte selskap, men bles opp papirverdiane og påverkar i vesentleg grad skattekostnaden til mindre familieeigde selskap, med det resultat at dei tapar konkurransekraft og viktig kapital til å utvikla bedrifta, lokalsamfunnet og næringa inn i framtida. Verdifastsetjinga må difor vurderast på nytt.Det kan ikkje vera rett at lokale privateigde oppdrettsselskap skal betale 3 kroner meir for kiloen for å produsere laks, fordi dei har norske eigarar!

Dersom ordninga vert ståande vil dette føra til færre og større selskap, mindre investering og  auka sentralisering av makt og ressursar.

Fylkestinget i Vestland er spørjande til om dette også er Regjering og Storting sin vilje i denne saka.

Havbruksnæringa skal til liks med anna næringsliv også  betala sin skatt og bidra til å byggje Norge for framtida.

Fylkestinget forventar at  at Regjering og Storting sikrar eit rettferdig verdifastsetjing og eit føreseiieleg skattesystem innan havbruk som stimulerar til:

-framleis lokalt eigarskap

-auka verdiskaping og investering i distrikta

-auka busetjing og sysselsetjing

-rettmessig del av skatteinntektene vert att i distrikta

Fylkestinget vil oppmoda Regjering og Storting på det sterkaste at verdifastsetjinga av oppdrettskonsesjonar før 1998 vert sett på vent til Skatteutvalet som skal føreta ein samla gjennomgang av skattesystemet, også vurderar denne skattlegginga og sjømatnæringa i ei heilheit.

Verdifastsetjinga vert konsekvensutgreidd og endra slik at målsetjinga frå Hurdalsplattforma om at ein vil «gjennomgå ordningene med tillatelser i havbruksnæringen for å sikre forsatt mangfold og lokalt eierskap» vert ein realitet.

 

Sigrid Brattabø Handegard, gruppeleiar i Senterpartiet, fremja uttalen til Fylkestinget.