Meny
Bli medlem

Jon Askeland sin tale til fylkestinget

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane#Hordaland#Vestland

- Me er eit sterkt fylke, me har ein stor økonomi, der me kvar dag får gjort mykje. Men me er i ein alvorleg situasjon.  Me må gå inn i relle kostnadskutt, og me må utsetja store investeringar. Det er oppdraget me har fått. Det er dette som vert syreprøven på oss som folkevalde i Vestland.

Kompetent, Open, Modig. Dette er verdiorda våre i Vestland Fylke. I tillegg har me som mål å ta ei større rolle som samfunnsutviklar. Me har fått nytte av både verdiord og visjon i det siste. Det er lurt å strekkja seg etter å bli ein stadig betre versjon av seg sjølv.


Mange har framstått som eineståande forbilde og medmenneske av beste versjon gjennom dei krevjande tidene me går gjennom. Eg vil starta med å takka alle våre tilsette og samarbeidspartnarar for innsatsen hittil. Alle våre tilsette i skulane, som har drive heimeundervising, og kollektivtilsette er pressa til det yttarste. Likevel har regionalavdelinga og kultur/idrettsavdelinga hatt eit tempo og eit oppsving i dialog med med sine, som viser at fylket samlar. Mange har levert over evne, også våre dyktige i IKT og sekretarietatet vårt. Takk til alle, fylkesrådmann.


Regionreforma er ikkje blitt det den var varsla, og på felt etter felt har me sett at lovnader om oppgåver trekkjast attende. Likevel har me ei regionreform, der 11 regionar er samla og står samla på ein måte som aldri før har vore, og me har jamlege møte med KS og Departementa. 
Utan å bli tatt til inntekt for å ta lett på alvoret i krisa, så er ei krise også ein moglegheit. Me må leita etter moglegheitene i situasjonen, fordi  me har ein lang veg att. Det å stengja ned var brutalt, å opna oppatt er eit krevjande langdistanseløp. Dessverre ser det ut til at i arbeidslivet kan det verste liggja framfor oss. Me er verdiskapings- og eksport, og reiselivsfylke nr 1. Nettopp derfor vart me også sårbare. Men, med vestlandsk pågangsmot skal me klara brasene, slik me har gjort så mange gonger før. Men, NAV-direktøren fryktar at Vestland vil ha ei høgare arbeidsløyse lengre enn det prognosane nasjonalt tilseier.


Men: alt handlar ikkje om Korona.
Det er èi sak på sakskartet i dag, som kjem av eitt enkeltmenneske sitt initiativ. Det gode mennesket, kystkvinna, fylkestingrepresentant for SV, Aud Karin Oen, tok initiativet til lokalt og regionalt engasjement for at me må få slutt på plast på avvege.  I dag skal me vedta Vestland fylke sin plaststrategi, takka vere henne. Politikk nyttar, send Aud Karin ein vennleg tanke og takk. Når det gjeld plasten, så er den ein verdfull ressurs, men når den har gjort jobben, så må den framover verta karakterisert som spesialavfall. Eg håpar vår strategi er starten på internasjonalt lovverk.
Ei anna kvinne som har grunn til å smila no i juni, er Anne Grethe Strøm-Erichsen, saman med tusenvis av bergensarar. No i juni feirar bybanen 10-årsjubileum. Ein omdiskutert jubilant, som er komen for å bli, som skaper byfornying og attraktivitet. Den er så populær blant dei reisande, at den har vore med på å føra Skyss/Kringom opp som landets nest største kollektivselskap, og plasserer Vy på tredjeplass! Politikk nyttar.


Sist veke hadde me høyringsmøte for utviklingsplanen for Vestland. Det var ein spanande dag, med mange gode råd. Kommunesektoren gav ros for måla me set oss, og dei kvitterte sjølv unisont ut eit ønskje om at fylket må bidra til å byggja sterke regionar i fylket. Dei ba også fylket ta ei koordinerande og samlande rolle, og elles vera ein medspelar til aktivitet. Dette siste var også gjennomgangstonen frå dei mange organisasjonane.
Så, de skal berre sjå at Vestland vert eit småkongerike, og at fylkestinget vert ein fredsbevarande styrke mellom sterke regionar, for å sitera ein tidlegare fylkesordførar i Møre og Romsdal. Eit fylke som veit godt korleis det er å leva med indre spenningar, og samstundes stå på barrikadane for seg og sitt!

Me er landets største energifylke, og sist veke feira BKK 100 år, gratulerer. Likevel står me no i den største energikrisa me har hatt. Me har innestengd energi i fylket, men ute ved kysten er det no meldt inn større energibehov enn det Trondheim by brukar. Me er i aktiv dialog med Nordhordland, Statnett og BKK, og situasjonen er at energikrevjande nyetableringar allereie no får nei til å etablera seg hjå oss. Denne situasjonen kan verta varande ved i 10 år framover, og me kan altså mista arbeidsplassar som følgje av dette. Statnett varslar tiltak både i det korte og det lange løpet, men eg er likevel uroleg, og me må kjempa. Dette har raskt eit konfliktfylt innhald i seg, då dei lange løpa krev nye kraftlinjer i landskapet vårt. Eg tek opp temaet i talen, då det kan utfordra både det grøne skiftet og også Northern Lights. 


Eg leitar alltid etter mogleheitene i situasjonen, det gjer alle. Me går mot sommar, men først skal me ha eit finansutvalsmøte, og med hausten kulminerer budsjettdebatten.


Gode fylkesting: Me er eit sterkt fylke, me har ein stor økonomi, der me kvar dag får gjort mykje. Likevel er situasjonen før Koronaen den at alle midlane vår er bundne, og handlingsrommet vårt er å redusera satsingar. Me må redusera lånegjelda med 2,8 MRD dei siste åra av økonomiplanperioden, og driftsbudsjettet må ned 100 millionar kvart år. Dette er oppdraget, og det kjem til å kosta, det er ein alvorleg situasjon. Då må me ta upoulære val.Partia har ulike kjepphestar, og i eit fylke er det lett å argumentera enkeltvis for at  si sak må gå klar sparekniven. Men, då misser me heilskapen, og klarar ikkje akkorden. Klarar me ikkje akkorden, vert det verre for oss alle. Det hjelper lite å sjå seg tilbake, me må gå inn i relle kostnadskutt, og me må utsetja store investeringar. Me skal og må forventa at Staten kjem særleg Vestland i møte, spesielt på kompensasjonar knytt til det grøne skiftet. Men, me må ta vårt eige ansvar.

Derfor ligg det særs vanskelege kuttsaker i bordet i dag. Dette er starten, og me veit at det er fleire  på veg. Alle kan meina noko om både fylket og foreslå enkle løysingar for oss . Men det er me som må fatta vedtaka. La meg vera overtydeleg; eg meiner at i det å vera ein god versjon av oss sjølve, sett som parti; så må me saman utarbeida eit budsjett med reelle tiltak for å kutta 2,8 mrd i lånegjeld og for å koma 100 mill ned i haust. SÅ får det verta ei voteringssak kva som i siste instans vert vedteke. Dette er eit politisk ansvar.

Tungt, tøft. Ja, men me må gjennom det. Det er dette som vert syreprøven på oss som folkevalde i Vestland. Lokalt vert kanskje mange usikre, og tenkjer: kva med oss?, i dei kutta fylkeskommunen må ta. Her må me ha god dialog med kommunane og regionane.
I februar var fleire av oss på KS Landsting og høyrde den tidlegare statsministeren i Sverige, Gøran Persson sin glitrande tale. Han sa at om de lokal- og regionalpolitikarane står i vanskelege saker, så vil resten av verda ha det verre enn de i Norge. Nett no ser me det ved oppgjeret mot rasisme i USA, som har støtte her i Pride-månaden.


Den 29 år gamle hotelldirektøren ved Gloppen hotell har snudd Koronastengjing til nær fullbooking: Det nyttar ikkje å leggja seg i stabilt sideleie, me må vera kreative og jobba oss gjennom dette, me er trass alt heldig i Norge. Han tilset no nye årsverk. Ein som ser moglegheiten i situasjonen og gjer seg sjølv betre.

Godt fylkesting, og hugs å utforske og bruk feriebudsjettet i det nye fylket vårt!

Denne artikkelen ble først publisert 12.06.2020

Relaterte personer

Jon Askeland, Vestland

Jon Askeland, Vestland

Fylkesordførar i Vestland Telefon: 474 59 720