Meny
Jon Askeland mottok ståande applaus frå nominasjonsmøtet i Vestland Senterparti

Jon Askeland vald til førstekandidat

Eit samrøysta nominasjonsmøte i Vestland Senterparti valde i dag noverande fylkesordførar Jon Askeland til fylkesordførarkandidat for fire nye år. Nominasjonsmøtet fann stad på Quality Hotell i Sogndal, og talde 137 utsendingar. 

- Eg er takksam, rørt og inspirert av den store tilliten nominasjonsmøtet viser meg. Eg gledar meg til saman med resten av lista å ta fatt på jobben som ligg framfor oss, seier ein takksam Jon Askeland etter møtet. 

Han får med seg Aleksander Øren Heen frå Årdal som andrekandidat og Sigrid Brattabø Handegard frå Jondal som tredjekandidat på lista. 

- Me skal fortsetja den offensive kampen for utviklinga av fylket og lokalsamfunna, og slik gje gode og trygge liv overalt der me bur i dette vakre fylket, avsluttar den nyvalde førstekandidaten.