Meny
jonaskisk

Kjære Fylkesting

Eg kjende meg litt beæra då ordføraren i Sveio siterte meg på radioen med dette:

Lat oss sjå på fylkesgrensa som ein mogheitheit og ikkje eit problem, då ho gav til kjenne at ho gjev Sveibuen råd om å gå vidare i Vestland fylke. Samstundes var Rogaland og Vestland samde om å ikkje driva overbudspolitikk i valet Sveibuen no skal gjera, men opptre samla, stilla opp på det kommunen ber om og ha fokus på løysingane og moglegheitene for folket i regionen uansett utfall i saka.

Dette opplever eg at grensebuarane i nord gjer også: Nordfjord og Sunnmøre er ein samla sterk bu- og arbeidsregion, som ikkje problematiserer grensa, eg fekk vera på Moakonferansen i haust, og det var eit sterkt døme på samarbeidsvilje og moglegheitssøkjing.

I dette Tingsetet skal me vedta budsjett for fylkeskommunen neste år, og tillat meg å vera så raus som vervet mitt gjev rom for,- budsjettframlegga i år er i stort veldig nære kvarandre. Om ein ser vekk frå kjende ideologiske  skilnader, har alle fokus på at me har eit positivt unntaksår der det er eingongspengar som vert brukte eingong, for me har utfordringar i åra som kjem. Det  kjem store investeringar framover, og me har utsikter til 40% auke i rentekostnadene. Utfordringa vår ligg dèr. Me må sikra at fylkeskommunen opprettheld krafta me treng ha som utviklingsaktør.

Me har fått mykje ros dette året. Det er eit godt teikn på at me er på rett veg, og eg vil først og fremst takka alle tilsette for formidabel innsats, og vidare samarbeidspartnarane våre og kvarandre for politisk utfordring kombinert med godt kollegialt fellesskap.

Vestland held stø kurs, og me skal vidare. Den som har leiartrøya på tør å utfordra, ta nye perspektiv, ta debatten, vågar å satsa, landar vedtak og samlar i stort. Her er nokre utfordringar til ettertanke:

  1. Kulturbudsjettet aukar neste år. Me utfordra Staten på å retta opp løyvingane til KODE, og det gav frukter i siste budsjettsemje. Det hadde ikkje skjedd utan oss. No torer eg utfordra dei konsoliderte musea i tidlegare Hordaland til å gå ein runde i seg sjølv og med oss gjennom kulturplanarbeidet. Musea i Sogn og Fjordane har vore gjennom rundar, dei er på veg til å finna ei god form. Nokre av dei konsoliderte i Hordaland har ei god form, men har me optimal organisering overalt? Kan KODE overta KABUSO, bør nokre av musea gå frå regionale museum til temamusem? Det er tre konsoliderte i Bergen, kanskje rett, og det gledde meg stort at erværdige Sjøfartsmuseet skamroste fellesskapet i Museum Vest, så eg berømmar innsatsen i sektoren, men likevel, eg trur me toler ein gjennomgang. Loddet er kasta, velkomen til debatt gjennom arbeidet med kulturplanen og me landar godt, det veit eg!
  2. Enno meir kultur: Onsdag kveld vert nordisk klinkbåtbygging oppteken på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Dette vert markert samstundes i Reykjavik, Torshavn, Roskilde, Stockholm, Helsinki, Oslo, og rosinen i pølsa på Hordamuseet her i Bergen. Våre Vestlandske båtbyggjarmiljø gjennom to tusen år får då sitt viktige stempel. Gratulerer!

RTP er ei anna utfordring: Den er forseinka, og me vedtek strategidelen no og handlingsprogrammet i juni. Forseinkinga er beklageleg, men det er no inngått eit greitt kompromiss ved at det openberre er understreka: At dersom handlingsprogrammet inneber justeringar i investeringsbudsjettet for 2022, så kan Fylkestinget gjera det i juni, slik at me ikkje taper tid på å byggja og utbetra vegane våre.

Utsetjinga har reist ein debatt i deler av fylket, som understrekar det store behovet for meir samferdslemidlar til fylkesvegane, for me har for lite pengar tilgjengeleg i forhold til det me treng få gjort. Det viser også at dei to tidlegare fylka har hatt ulik tilnærming og at økonomisk fundament i nokre prosjekt ikkje er berekraftig pr i dag. Me må sikra likebehandlingsprinsippet og byggja oss saman. Fylkesting, lat oss stå saman om at me treng meir rassikrings og fylkesvegmidlar for me treng gjera meir, ikkje mindre for å sikra fylkesvegane våre snarast råd.

Pandemien har slått tungt inn igjen. Fylkesdirektør nemner meir om denne. Eg vil berre takka for alle hjå oss for innsatsen de har stått i og står i. Eg er også glad for at regjeringsforliket har gitt oss pusterom på det krevjande kollektivfeltet i alle fall ut mars 2022.

Me er fylket som leitar etter moglegheitene: Grøn region Vestland har nett lagt fram Vestlandsportefølgjen, som viser store moglegheiter for 24000 nye jobbar og over 100 milliardar i ny verdiskaping og eksport i fylket vårt. Med dette er me fremst i landet på å gå proaktivt inn, og næringslivet seier dette er viktig kunnskapsgrunnlag for handling. Over 80% av prosjekta er energikrevjande, og dei viser store potensiale der det i dag er høge klimagassutslepp. Me køyrer på, men på kort sikter det avgjerande at Staten raskt sikrar nettkapasiteten i fylket og kjem med risikovillig kapital i det grøne skiftet. Begge desse vert store tema for oss å arbeida med neste år.

I forlenginga av Vestlandsportefølgjen står kompetansepolitikk sentralt. I dette viser eg til Kvalitetsmeldinga dette Tinget skal handsama. Det er interssant å sjå gode funn hjå skular som har tett samspel med lokalsamfunnet.

Både Vestlandsportefølgjen og Kompetansepolitikk er hovudtema i Nyårsmøtet vårt den 10. januar 2022.

I oktober feira UiB 75 år. Denne stolte institusjonen forvaltar Vestlandet si historie i langt større grad enn gjerne fleire er klar over. Vestland fylkeskommune gav jubilanten ei gåve, ved at me tilbyr ressurstilgang for ein student si masteroppgåve i å studera korleis rettleiingstenesta i kommunane fungerer overfor vidaregåande, og korleis rettleiingstenesta i fylkeskommunen fungerer overfor høgare utdanning. Me håpar friske auge kan gje oss god kunnskap om viktig og aktuelt temaområde.

La meg avslutta innan moglegheitsrommet med to sitat: Først den tidlegare britiske klimaministeren, som på Årskonferansen til Bergen næringsråd understreka moglegheitene som ligg i det grøne skiftet. Ho understreka at sjølv om det hastar med klimatiltak, så gir dei moglegheiter. Jamfør Vestlandsportefølgjen.

Så over til at søndag segla Havila Capella ut på jomfruturen i Hurtigrutefart, med faste stopp i Bergen, Florø og Måløy. Fylkesdirektøren og eg fekk sist veke sjå skipet og møta den 81 år gamle reiaren Per Sævig. Eg gjengir kort nokre sitat frå Sævig: Det har vore ein utruleg lang og bratt motbakke i bygginga av skipet, men livet er ofte motbakkar, og då går det oppover, sa han. Havila Capella er det mest klimavennlege cruiseskipet hittil, til dette sa han: Den som ikkje satsar klimavennleg i dag, blir ikkje ein del av vinnarlaget, seier han som fyller 81 år i dag. Elles har Havila berre norsk mannskap, på norske vilkår, dei driv med minimal administrasjon, og framhevar at det er på skipa verdiskapinga skjer. I tillegg har reiaren budd om bord i skipet under ferdigstillinga i Noreg, og ete ved same bord som dei tilsette, noko som diplomatisk sagt var uvanleg for mange tilsette i starten. For meg er dette døme på god norsk og vestlandsk berekraftig filosofi.

Velkomen til Vestlandsting med fokus på moglegheitene som ligg der for innbyggjarane våre  i 2022 her i landets viktigaste fylke.