Meny
Krev dei mest utsette raspunkta sikra innan 10 år!

Krev dei mest utsette raspunkta sikra innan 10 år!

Publisert: 03.03.2021 #Hordaland#Sogn og Fjordane#Vestland

Fleire sentrale senterparti-politikarar på Vestlandet går no ut og krev rassikring høgare opp på den politiske agendaen. I eit felles forslag til programbehandlinga på landsmøtet i Senterpartiet krev dei at staten skal forplikte seg på å sikre alle dei punkt​a på vegane med høgast rasfaktor i løpet av ein 10 års periode.

-Vi ​vil ha ein forpliktande plan som gjer at vi ​om 10 år har sikra alle strekningane med høgast rasfaktor, seier 1. kandidat for Sogn og Fjordane Senterparti Erling Sande. 

 

Stortingskandidat for Hordaland Senterparti Kjersti Toppe er mellom dei som står bak framlegget. -Vi ynskjer at folk skal kunne ferdast trygt på vegane våre. I tillegg til sjølve faren for å bli ramma av ras og skred, lever mange med frykta i kvardagen. Det er ei stor belastning å måtte sende skuleborn og ​familie langs rasfarlege vegar til skule eller arbeidsplass, seier Toppe.

 

-Ikkje minst er næringslivet avhengige av føreseielege rammevilkår. Dei må vite at dei får varer til og frå verksemda si og at arbeidarane ikkje står på andre sida av ein rasstengd veg, seier dei to. 

 

Ein forpliktande plan, slik forslagsstillarane legg opp til, vil føre til at potten til rassikring i statsbudsjettet vil måtte doblast. -Ei slik opptrapping vil vere det største løftet for rassikring som nokon gong er gjennomført, seier dei to. Med på forslaget er også sitjande stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete, fylkesordførar Jon Askeland og Jenny Følling som er fylkestingsrepresentant og leiar ​Nasjonal rassikringsgruppe.