Meny
Bli medlem

Krev krisepakke til fylka

Sist endret: 27.09.2020 #Hordaland#Sogn og Fjordane#Vestland

Skal fylkeskommunane klara å oppretthalda tilboda i vidaregåande skular og kollektivtrafikk må Regjeringa levera med krisepakkar til det offentlege

Vestland Fylkeskommune ligg an til eit underskot på over 700 millionar kroner. Nå må regjeringa på banen med krisepakkar til det offentlege, meiner gruppeleiar i Vestland SP, Aleksander Øren Heen.

- Me styrer mot ein underskot på mellom 700 og 800 millionar kroner. Det utgjer svært mange lærarstillingar og kollektivavgangar.  Storting og Regjering må nå visa at dei ser verdien av arbeidet Fylkeskommunen gjer, og vera med på å dekka ekstrakostnadane og dei tapte inntektene me har fått. Om sentrale styresmakter ikkje leverer på dette, kan me ikkje levera dei tenestene me skal, og me blir nøydde til å kutta, seier Heen.

Krisa råkar økonomien til mange bedrifter og privatpersonar, men ein må ikkje gløyma dei mange offentlege arbeidsplassane som også er under press som følgje av krisa, påpeikar Heen: 

- Me er veldig glade for krisepakkane til det private næringslivet, som til dømes olje-, gass-, og verftsnæringa, som betyr mykje for mange arbeidsplassar i vårt fylke. Men eg vil og minna om at Vestland Fylkeskommune er ein stor arbeidsgivar med 6000 tilsette som også treng hjelp.  Vestland er ein stor tenesteleverandør. Om ikkje regjeringa leverer med krisemidlar til fylket, kan det få alvorlege utfall for innbyggjarane våre.

Relaterte personer

Aleksander Øren Heen, Vestland

Aleksander Øren Heen, Vestland

Gruppeleiar fylkesting Vestland Telefon: 911 34 842